Hopp til innhold

Trur valsjokket vil samle splitta kommune

Folk på gata på Årdalstangen er svært nøgde med at Senterpartiet sjokkerte og hindra nok eit reint Arbeidarparti-fleirtal i Årdal. Fleire trur det kan samle den splitta kommunen på sikt.

Montasje Årdalstangen

GLADE: NRK møtte mange folk på gata på Årdalstangen som hadde ein ting til felles: Dei er glade for eit nytt kommunestyre med mindre Ap-dominans.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Vallogo

– Eg jubla veldig stort. Eg har hatt klokkartru på Aleksander heile vegen, seier Elin Hæreid.

Aleksander Øren Heen, ordførarkandidaten til Senterpartiet, sjokkerte alle med resultatet i Årdal. Framgangen på heile 24 prosentpoeng gav åtte mandat i kommunestyret. Heen forhandlar i ettermiddag med Venstre, Høgre og MDG om å vippe Ap av trona for første gang sidan 1950-talet.

Elin Hæreid

ELIN HÆREID: «Kan samle bygda»

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Eg håpar me på lang sikt greier å samle oss om eit fellesskap, at me får slutt på konflikten mellom Øvre Årdal og Årdalstangen, og samlar oss som årdølene me er, seier Hæreid, som kjem frå Årdalstangen.

Djupe konfliktar – trur på samling

Konfliktane mellom dei to tettstadene i industrikommunen i Sogn har auka på dei siste åra. Kommunestyret, med stort Arbeidarparti-fleirtal, har vedteke at Årdal berre skal ha eitt legesenter, og at det skal vere i Øvre Årdal. I tillegg er butikkdøden på Årdalstangen stor.

Elin Hæreid trur valsjokket, som mellom anna er eit resultat av at mange på Årdalstangen har vendt Arbeidarpartiet ryggen, kan gjere kommunen godt.

– Eg trur det kan vere samlande fordi det altfor lenge har vore eit stort skilje mellom dei 12 kilometrane. Og eg trur det kan vere samlande fordi Ap ikkje lenger har den store makta i kommunestyret. Då må me byrje å samarbeide på eit anna nivå.

Wenche Clausen

WENCHE CLAUSEN: «Godt for bygda» – om valresultatet

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Det er eit inntrykk fleire på gata i Årdalstangen deler.

– Eit samla Årdal. Ei samling av Øvre Årdal og Årdalstangen, seier Wenche Clausen om sitt ønske om endring i kommunen.

– Sunt for bygda

Eit anna ord som går igjen når folket på Årdalstangen skal skildre kva dei meiner om skiftet, er «sunt»:

– Det var eit kjempeflott resultat. Det er flott med nye krefter, me treng det i Årdal. Det betyr at me får vere med å bestemme litt alle saman, ikkje berre Ap. Eg trur det berre er sunt, seier Jan Frode Hovland.

John Smedegård

JOHN SMEDEGÅRD: «Sunt» – om valresultatet.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Vi står att med for lite på Årdalstangen. Velferda fer til Øvre Årdal. No kjem det andre meiningar inn i kommunestyret. Det kan vere sunt, seier John Smedegard.

– Det var heilt flott. Det er sunt med nytt, friskt blod. Det blir eit mangfald. Ap har hatt altfor mykje dei skulle sagt, seier Marit Sletten.

Spente på framtida

– Kva trur du dette resultatet vil bety for kommunen?

– Eg trur ikkje det skjer så mykje med det første. Men på lang sikt trur eg det kan gjere godt for bygda, seier Sletten

Uansett resultat av forhandlingane i ettermiddag, er Wenche Clausen spent på kva resultatet av det nye politiske landskapet blir.

– Det blir spennande for Årdal framover med litt endring i kommunestyret. Eg håpar det vil bli positivt for Årdal, men framtida vil vise, seier ho.