Hopp til innhold

Trur Utvik-tunnel tvingar seg fram

Lokalpolitikar og hotelldirektør i Stryn, Richard Grov, seier ein tunnel gjennom Utvikfjellet vil tvinge seg fram uansett kva som skjer på Anda–Lote.

Richard Grov

SIT IKKJE STILLE: Lokalpolitikar, og direktør ved Hotel Alexandra i Loen, Richard Grov, meiner tunnel gjennom Utvikfjellet vil tvinge seg fram.

Foto: privat

Direktøren ved Hotel Alexandra meiner ein bør halde på Statens vegvesen si tilråding om tunnel gjennom Utvikfjellet, og bru til Svarstad i Stryn.

Richard Grov meiner det er den beste løysinga samfunnsøkonomisk.

– Eg trur ein tunnel gjennom Utvikfjellet raskt vil komme på dagsorden. Der vil trafikken hope seg opp, det vil bli eit ulukkespunkt og eit punkt som ofte vil bli vanskeleg å komme seg igjennom, seier han.

– Hemmar utvikling

Torsdag vart det kjent at ein ny rapport tilrår bru over Anda–Lote, framfor tilsvarande fjordkryssing i Stryn kommune. Rapporten var skriven av Terramar AS og Oslo Economics AS på oppdrag frå Finansdepartementet og Samferdsledepartementet, og går imot tilrådinga frå Statens vegvesen om å leggje E39 om Stryn, med hengebru til Svarstad.

Grov fryktar følgjene av det som kan skje med auka trafikk når Kvivsvegen opnar, dersom ein går for dette alternativet utan tunnel gjennom Utvikfjellet.

– Dette kan ein ikkje sitje roleg å sjå på at det hopar seg opp og blir vanskelegare, og vanskelegare å komme seg over. Det vil hemme all næringsutvikling i eit veldig stort område, seier han.

– Strålande

I nabokommunen Gloppen var tidlegare fylkesordførar, og no leiar for selskapet som jobbar for brua Lote–Anda, Nils R. Sandal, strålande nøgd med det som vart presentert under «Ferjefri E39»-konferansen i Molde torsdag.

– Eg vil skildre det som heilt strålande, og gir oss endå meir optimisme i høve til det framtidige arbeidet vi skal gjere og det er også veldig bra for det regionale utviklinga i området, seier han.

Scorar høgt

Samferdsleminister Marit Arnstad (Sp), som er den som avgjer saka, meiner rapporten bidreg til å opplyse problemstillinga om den framtidige stamvegtraseen gjennom fylket.

Ho er også den som Grov og dei andre forkjemparane for strynealternativet må overtyde.

– Samfunnsnytten av ein tunnel gjennom Utvikfjellet er jo vurdert veldig høgt. Tek eg ikkje heilt feil, så er det eitt av prosjekta på ein kyststamveg som scora høgst, seier han.