Hopp til innhold

Trur ulven kan ha tatt fleire sauer

– Det har vore stille ei stund, men truleg har det vore skader også i denne perioden. Vi oppmodar folk til å føre ekstra tilsyn i området og sjå etter kadaver.

Lam teke av ulv i Lavik

LAVIK: Saueeigaren i Lavik fann lammet sitt ille tilreidd. Statens naturoppsyn har undersøkt kadaveret og meiner det er ulv som har slått til.

Foto: SNO - Aurland, rovviltseksjonen

Det seier viltforvaltar Hermund Mjelstad hos fylkesmannen i Sogn og Fjordane. I dag vart det nok ein gang gjeve skadefellingsløyve på ein ulv i området mellom Dalsfjorden og Sognefjorden.

Denne veka vart det funne åtte nye kadaver i Lavik.

– Det er i nærleiken av Guddal, der dei fann kadaver tidlegare i sommar. No har det vore relativt stille sidan då, men truleg har det vore skade i denne perioden også utan at desse er funne. Vi oppmodar folk om å følgje ekstra godt med i området, seier Mjelstad.

– Neppe fleire ulvar

Skadefellingsløyvet som er gjeve går ut 31. august. Det vart også i juli gjeve fellingsløyve på eitt dyr i same området. Truleg er det same ulven som i vår tok fleire lam i Naustdal.

– Det er neppe fleire ulvar som går i området i Sunnfjord, seier Mjelstad.

Arve Aarhus

LEIAR: Arve Aarhus er leiar i fylkesfellingslaget. – Vi kan ikkje leite blindt. Området er stort og hovudsakleg barmark, så det må nokre føresetnader til før vi kan setje i gang målretta forsøk, seier han.

Foto: Privat

Fylkesfellingslaget er ansvarlege for fellingsforsøket. Leiar Arve Aarhus seier at dei no vurderer situasjonen fortløpande.

– Ein del føresetnader må vere på plass før ein kan setje i gang. Tida frå skaden har skjedd til det blir oppdaga er viktig. Jo kortare tid det tek frå skaden har skjedd til det blir varsla, jo betre er det, legg Aarhus til.

Saknar uvanleg mange dyr

Skadane i Lavik-området skjedde for nokre dagar sidan. Det gir fellingslaget lite å gå på.

– Nye skadar på konsentrert område, er betre for å få gjort noko. Då er søkeområdet meir konsentrert. Er området for stort, så leiter du i blinde, seier han.

Mjelstad seier at bønder i området skal mangle uvanleg mange dyr.

– I tillegg går det mykje sau i området, så skadepotensialet er ganske stort. I dag er det 22. august, og det er framleis ei god stund att av beitesesongen. Slik sett kan det bli meir skade, seier han.

– Må passe på dyra

Rein-Arne Golf i Statens Naturoppsyn

ØYDELEGG: Rein-Arne Golf i SNO ber om at sauekadaver ein mistenkjer er tekne av freda rovvilt blir dekte til.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Sauene er på utmarksbeite til langt ut i september. Utover hausten blir dyra gåande på innmark.

– Erfaringane frå Naustdal i 2014 var at ulven gjorde skade langt utover hausten. Det kan skje no også. Vi har ikkje anna tiltak enn at folk må passe på, og vere flinke til å ha sauene inngjerda innmarksbeite seinare på hausten, seier Mjelstad.

Rein-Arne Golf i Statens naturoppsyn oppmodar folk til å dekkje til kadaver med stein eller greiner så fort dei blir oppdaga.

– Dette for at ikkje åtseletarar skal øydelegge detaljar vi ser etter når vi undersøker kadaver som kan vere drepne av freda rovvilt, seier han