Hopp til innhold

Reiselivsdirektør trur turistane legg att meir pengar i Sogn enn i Møre og Romsdal

Ei ny gransking syner at kvar turist berre legg att 112 kroner kvar dag når dei vitjar Rauma i Møre og Romsdal. Tala i Sogn og Fjordane er langt høgare, trur reiselivsdirektør.

Flåm og Brandshaug

MEIR I SOGN: Påtroppande reiselivsdirektør i Sogn, Ståle Brandshaug, trur turistane legg att meir til dømes i Flåm enn i Rauma.

Foto: NRK

Romsdals Budstikke skreiv tidlegare i dag om dei nedslåande tala for turistkommunen Rauma, der ikkje minst Trollstigen og Trollveggen er tunge attraksjonar.

Men medan turistane som vitjar Rauma legg att 112 kroner kvar dag, legg dei mykje meir att i dei store destinasjonane her i fylket, meiner påtroppande direktør for Visit Sognefjord, Ståle Brandshaug.

– Rauma har nok ein næringsstruktur som er litt annleis enn den vi ser i Flåm, kanskje er det noko meir samanliknbart med Skjolden. Men no varierer dette veldig i forhold til kor mykje attraksjonar, opplevingar og tilbod ein har når desse turistane skal gå i land. Der ligg nok Rauma noko lenger tilbake i forhold til ein del av kommunane i Sogn, meiner Brandshaug.

Attraksjonar er viktig

Han peikar på at naturopplevinga åleine ikkje skapar inntekt og næringsutvikling i dei kommunane som har mykje turistar.

– Det er der heile skilnaden ligg. Har ein attraksjonar, opplevingar og aktivitetstilbod der det er mogleg å leggje att ganske mykje pengar så vil det og vere mykje større forbruk frå mellom anna cruisepassasjerar når dei går i land. Flåm er eit døme på dette, der ein har trimma seg rundt cruiseturisme i mange år og har eit apparat til å imot det. Flåmsbana sjølvsagt, men og andre attraksjonar og tilbod som gjer at ein kan ta ut ein langt høgare snittpris enn det Rauma klarar, seier Brandshaug.

Dersom ein hadde gjort ei tilsvarande gransking i til dømes Flåm, ville summen vore langt høgare enn 112 kroner dagen for kvar turist, meiner reiselivseksperten.

– For Flåm ville nok summen vore vesentleg høgare. I Flåm og Aurland så har ein i alle fall eit apparat rundt som han handtere mykje av trafikken. Men i dei mindre kommunane, med mindre næringsliv, så seier det seg sjølv at då er det vanskeleg at det blir lagt att så mykje pengar som der infrastrukturen og næringstilbodet er større.

Trollstigen i Møre og Romsdal

POPULÆR: Trollstigen i Rauma er ein populær attraksjon. Men ei gransking syner at turistane legg att lite pengar i kommunen.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Land-turistar legg att mest

Han peikar på at uansett så er det turistane som kjem over land, anten i eigen bil, leigebil eller til dømes campingbil som legg att mest pengar.

– Omsetnaden for folk som kjem over land er langt, langt større enn der det er mest cruiseturisme. Einskildaktørar lev kjempegodt på cruise, men for mange andre destinasjonar rundt på Vestlandet så er det dei som kjem med bil som gjev stort utslag i forhold til verdiskaping og næringsutvikling, sler Brandhaug fast.

Ordføraren i Rauma, Lars Olav Hustad (H), er skuffa over tala som syner at berre 112 kroner vert att i kommunen etter kvar turist.

– Turistane er her, men dei legg ikkje att nok pengar. Det er noko vi må gjere noko med, seier ordføraren til Romsdals Budstikke.