Hopp til innhold

Politiet: – Gutegjeng står bak oljelekkasje

Gutar tilhøyrande ein tenåringsgjeng som står bak to brannar i Florø, står også bak ein større oljelekkasje på ei landsfylling som er under bygging ved Fjordbase.

Politi og brannvesen på plass på FjordBase i samband med oljelekkasje

PÅ PLASS: Politiet er i ettermiddag på staden saman med brannvesenet og entreprenøren som jobbar med utfyllinga.

Foto: Maiken Aa. Solbakken/Firdaposten

Det fortel tjenestestadsleiar Wenke Hope ved Flora politistasjon. Det skal vere ulike gutar i gjengen som står bak dei to tilfella av brannstifting og tapping av olje på Fjordbase.

– Vi er blitt kjent med at det er deler av same gutegjengen som var på Rota og på Fjordbase, som også har vore på Fjordbase fleire gonger. Der har dei blant anna opna dieseltankar og tankar for spillolje som har runne ut i grunnen, seier Hope til NRK.

Det var Firdaposten som onsdag fortalde at det er oppdaga ei større lekkasje med spillolje og diesel på det vestlege området ved Fjordbase som no er under utviding. Det er Fjordbase som eig området, men det er ikkje teke i bruk og ligg utanfor basen sitt sikra område. Tankane høyrer til entreprenøren.

Det skal vere tappa spillolje og diesel frå tre tankar, og mesteparten har til no runne ned i grunnen.

– Det er snakk om vel 1000 liter spillolje og olje som har runne ut, men vi er litt usikre på mengda. Førebels har det runne ut i grunnen på den nye fyllinga dei held på med her. Men ein eller annan gong vil det hamne ut i sjøen, seier brannbefal Kurt Ask i Flora brannvesen til NRK.

Politiet i Florø sa i går at dei rekna brannane på Rota og Fjordbase tidlegare i august som oppklara, etter at ein gutegjeng hadde forklart at to andre i gjengen hadde sett fyr.

Politiet: – Angrande syndarar

Politiet vart kjent med dette medan dei etterforska brannen som var på Fjordbase 1. august, då det var sett fyr på ein gjenstand på ei bryggje, ifølgje Firdaposten.

Ifølgje Hope er det snakk om ein gjeng på til saman sju gutar. Dei som er over 15 år blir følgd opp med straffesaker, dei som er under 15 år vil bli følgd opp av barnevernet.

– Dette er i utgangspunktet gjort bevisst for spenninga sin del, men dei synest ikkje det er så moro no i ettertid. Dei har oppført seg fint i samband med oppklaringa og forklart seg greitt i avhøyr. Dette er angrande syndarar, seier Hope til NRK.

Torstein Fjellanger ved Flora politistasjon

POLITIET PÅ PLASS: Torstein Fjellanger frå politiet på staden der det er oppdaga ein større oljelekkasje.

Foto: Maiken Aa. Solbakken/Firdaposten

Truleg omfattande opprydding

Flora brannvesen og politiet er onsdag på området saman med Fjordbase og ein av entreprenørane som jobbar med utbygginga.

Ask i brannvesenet seier til NRK at det kan bli aktuelt å grave opp att fyllinga for å få fjerna oljen. Dei har no ein dialog med miljøgruppa i Flora kommune og entreprenøren for å finne ei løysing.

Det skal vere tankar to stader som har blitt tappa. Ask seier det er snakk om ventilar som har blitt opna, og at tankane har tømt seg ganske raskt. Kor tid dette har skjedd er ikkje kjent.

– Vi veit ikkje kva dato dei var og gjorde dette, men det er ein del dagar sidan, seier Hope til NRK.

– Det er forferdeleg at vi skal ha vandalar som går inn for å øydelegge andre sin eigedom, og set miljøet i fare ved å ukontrollert opne utstyr som inneheld mineralolje eller olje, seier administrerande direktør Geir Johannessen i Saga Fjordbase.

Blir sak for forsikringsselskapet

– Saneringskostnaden kan bli veldig høg, men det er vanskeleg å seie kor dyrt det blir, seier anleggsleiar Cato Vikøren for entreprenøren Helldal AS.

Dei er no i gong med å sjå på kva tiltak dei vil gjere for å hindre vidare spreiing og samle opp det som er gått i grunnen.

– Vi vil ta kontakt med forsikringsselskapet for å vere sikker på at vi kan køyre regress mot dei som har gjort dette, seier han.

Fjordbase vest

UNDER UTBYGGING: På den vestlege delen av Fjordbase som ligg midt i bildet har det no vore ein større lekkasje.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK