Hopp til innhold

Trur større kommunar kan lokke unge til yrket

LUSTER (NRK): Skal helsesektoren ha nok arbeidskraft i 2035 må éin av tre ungdom velje slike yrke. Kommunesamanslåing kan løyse forgubbinga, meiner NAV-direktør.

Kari Lavoll og Petra Skildheim

TRIVST I SMÅ EININGAR: Hjelpepleiar Kari Lavoll og Petra Skildheim likar seg godt på Luster omsorgssenter. Lavoll meiner små einingar har mange store fordelar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Behovet for arbeidskraft er sterkt aukande i helse- og omsorgssektoren. Tal frå NAV syner at over 119.000 personar som jobbar i slike yrke i heile Norge er over 55 år. Det utgjer 22,7 prosent av alle som er tilsette i denne sektoren.

Skal ein dekke behovet for slik arbeidskraft i 2035, må kvar tredje ungdom velje helse- og sosialutdanning, fortel NAV-direktør i Sogn og Fjordane, Thore Thorsnes.

– Det er sjølvsagt verken ønskeleg eller oppnåeleg. Det er ein gedigen utfordring.

Må auke rekrutteringa

NAV-direktør Thore Thorsnes

HASTAR MED TILTAK: Det meiner NAV-direktør i Sogn og Fjordane, Thore Thorsnes.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Thorsnes meiner det hastar med å gjere tiltak for å dekke det framtidige behovet for mellom anna helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, og tilsette innan barnevern.

NAV-direktøren meiner innvandrarar er ein framtidig ressurs, og at fleire må motiverast til å utdanne seg innan helse og omsorg. I tillegg meiner han at det er heilt naudsynt å utvide studiekapasiteten, slik at fleire har moglegheita til å velje denne utdanningsvegen.

Men også kommunesamanslåing kan vere ei løsying, meiner Thorsnes. Han er forundra over at dette ikkje har vore eit større tema når kommunane over heile landet har diskutert korleis dei skal førebu seg på framtida.

Behovet for arbeidskraft innan helse og omsorg er sterkt aukande. NAV er uroa, og meiner kommunesamanslåing kan vere ein del av løysinga.

– Det er fleire ting som heng saman, men kommunesamanslåing vil kunne føre til at ein får større fagmiljø som gir større rom for ulike typar arbeidsoppgåver og tilbod til den enkelte tilsett i periodar av livet der ein har utfordringar, seier Thorsnes.

Skeptiske til større einingar

På Luster omsorgssenter er hjelpepleiar Kari Lavoll (63) ein av nærare 200 personar over 55 år i helse- og omsorgssektoren i kommunen, og over 4700 i fylket. Ho elskar jobben sin, og trur ikkje nødvendigvis at kommunesamanslåing vil lokke fleire unge til yrket.

– I mindre einingar kjenner ein alle og det blir ein veldig fin gjeng, seier Lavoll.

I kommunen har dei gjort fleire tiltak for å halde på nyrekrutterte, mellom anna med fleire faste stillingar i hundre prosent.

– Det er ei utfordring, men vi har greidd det ganske bra så langt. Eg ser at du må ha ein viss storleik på ting for at det skal bli fagleg utviklande å jobbe der. Men kva som er stort og lite, det er eit anna spørsmål, seier avdelingssjukepleiar Liv Norun Hundsamar.

Ivar Kvalen

SKEPTISK: Ordførar Ivar Kvalen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ordførar i Luster, Ivar Kvalen, er sterk motstandar av kommunesamanslåing, og skeptisk til at det skal kunne skaffe meir arbeidskraft.

– Pleie- og omsorgstenesta er å hjelpe dei eldre og dei som har behov for helseteneste der dei bur, altså heime. Om det skal bli betre i større kommunar er eg ikkje nødvendigvis einig.