Hopp til innhold

Trur statsbudsjettet vil tvinge fram samanslåingar

LEIKANGER (NRK): Rådmann i Flora, Terje Heggheim, seier at kommunane i Sogn og Fjordane kjem så dårleg ut av statsbudsjettet at fleire blir nøydde til å vurdere kommunesamanslåing.

Terje Heggheim

TØFFE TIDER: Terje Heggheim seier at statsbudsjettet varslar tøffe tider for kommunane i Sogn og Fjordane

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Dei fleste kommunane i Sogn og Fjordane merkar no tøffare tider. Dette budsjettet har ei heilt klar linje, og det er at pengane følgjer folket. Då taper Sogn og Fjordane, seier Heggheim.

I tillegg til at han er rådmann i Flora kommune, er Heggheim også leiar for KS sitt rådmannsutval i Sogn og Fjordane. Han seier at det tronge budsjettet ikkje bør kome som noko overrasking, og at det bør utløyse nye samanslåingsrundar.

– Kommunesamanslåing ligg der som ei gulrot som vil betre kommuneøkonomien for mange. Likevel ser vi at ganske få her i fylket her gått inn for å slå seg saman, eg trur fleire må revurdere no når det byrjar å gjere vondt.

Les også: 20 kommunar taper på statsbudsjettet

– Dette forandrar ingenting

Luster kommune ligg an til å tape inntekter på statsbudsjettet. Dei har vore negative til kommunesamanslåing, og ville sannsynlegvis ha kome betre ut av dei statlege overføringane om dei gjekk saman med Sogndal, Leikanger og Balestrand. Ordførar, Ivar Kvalen, vil likevel ikkje revurdere standpunktet sitt.

Les også: Ingenting til Vik fengsel

– At vi kom til å tape på det nye inntektssystemet har vore kjent, og det har vore med i våre vurderingar når vi har teke standpunkt til kommunesamanslåing. Så dette er ikkje noko overrasking, og det forandrar ikkje noko.

Ordførar i Luster Ivar Kvalen.

FRAMLEIS SIKKER: Ivar Kvalen er framleis sikker på at han ikkje vil ha kommunesamanslåing

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

Kvalen innrømmer likevel at statsbudsjettet varslar trongare tider, også for Luster.

– No blir det innstramming. og det kjem jo i tillegg til tidlegare innstrammingar. Så har vi ein god kommuneøkonomi, så vi kan nesten ikkje klage, men vi har også ein veldig dyr bygdestruktur som er heilt desentralisert, og den har vi ikkje tenkt å forandre på, seier Kvalen.

Får ikkje ro til å slå seg saman

Sjølv om Heggheim trur kommunar ville ha kome betre ut av statsbudsjettet om dei hadde slått seg saman, står fleire av dei nysamanslegne kommunane att som budsjettaparar.

Oddmund Klakegg

SKUFFA: Oddmund Klakegg er skuffa over at Jølster kjem så dårleg ut av statsbudsjettet

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Jølster, Naustdal, Gaular og Førde er midt i ein samanslåingsprosess, men av dei er det berre Førde som kjem godt ut av statsbudsjettet.

– No hadde vi trudd at vi skulle få ro til å slå oss saman og bli ein kommune, i staden taper vi så mykje pengar at vi må kutte ned i tenestene våre rett før vi skal slå oss saman og få ein betre økonomi. Det er skuffande, seier ordførar i Jølster Oddmund Klakegg.