Hopp til innhold

Trur søndagsopne butikkar kan føre til brot i samarbeid

Samarbeidsavtalen KrF har med regjeringspartia kan ryke før neste val, viss regjeringa går inn for søndagsopne butikkar. Det trur fylkesleiar i Sogn og Fjordane KrF, Trude Brosvik.

Trude Brosvik

VIL IKKJE: Fylkesleiar i Sogn og Fjordane KrF, Trude Brosvik, meiner eit for tett samarbeid med Høgre og Framstegspartiet ikkje tener partiet hennar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Gjennom valkampen har vi fått mange tilbakemeldingar frå både medlemmer, veljarar og andre at saka om søndagsopne butikkar er viktig. Den har så sterk symbolverdi at det må vege veldig tungt for KrF, seier Brosvik.

I ein ringjerunde som Klassekampen har gjort, seier 11 av 15 fylkesleiarar i Kristeleg Folkeparti at dei opnar for å bryte samarbeidsavtalen med regjeringspartia allereie før neste val, viss ikkje partiet får større gehør for sine politiske syn.

Trur det kan vere tua som veltar lasset

Brosvik understrekar at ho ikkje trur det er den saka åleine som vil gjere til at KrF bryt samarbeidsavtalen med regjeringspartia før neste val.

– Men den saka kan, i tillegg til andre, vere det som veltar eit samarbeid, seier Brosvik.

KrFs parlamentariske nestleiar Hans Olav Syversen og stortingsrepresentant Kjell Ingolf Ropstad sa til Vårt Land tysdag at Høgre må leggje vekk søndagshandel, samt smi i hop eit sentrumsorientert budsjett. Elles heng det borgarlege samarbeidet i ein tynn tråd.

Viss Venstre samarbeider med Høgre og Framstegspartiet om å innføre søndagsopne butikkar, kan det vere duka for eit samarbeidsbrot, skal ein tru ringjerunden til Klassekampen.

Er i tvil om kva som skjer

– Eg tykkjer det er rart viss Venstre gjer det, men dei signala som har komme frå Venstre både i valkampen og etter høyringa, så er eg i tvil, seier Brosvik.

– Vil KrF sentralt vere med på å bryte ut at samarbeidet?

– Dette er noko som partiorganisasjonen skal diskutere. Eg vart spurt om kva eg meinte som fylkesleiar i Sogn og Fjordane, seier Brosvik.

Ho legg til at det ikkje er nokon løyndom at ho personleg ikkje meiner KrF skal vere i eit tett samarbeid med Høgre og Framstegspartiet.

– Eg meiner vi kan vinne ein del politiske sigrar, men retninga på politikken er feil innan både sosial politikk, distriktspolitikk og landbruk. Det er krevjande for KrF å vere i eit samarbeid med ei Frp- og Høgre-styrt regjering, seier Brosvik.

Det har ikkje lukkast NRK å komme i kontakt med stortingsrepresentantane Sveinung Rotevatn (V) og Bjørn Lødemel (H) for kommentar.