Hopp til innhold

Mentaltrenar: – Dette kan ha vore årets viktigaste siger for Sogndal

Sogndal sin kalassiger mot Haugesund kan mentalt sett vere sesongen viktigaste for Sogndal. Det meiner mentaltrenar Morten Åsli.

Sogndal - Haugesund, 27.09.14

ENDELEG NOKO Å JUBLE FOR: Tim Nilsen scora to av måla mot Haugesund då Sogndal fekk ein etterlengta siger laurdag.

Foto: Alf Vidar Snæland / NTB Scanpix

– Laget bør ikkje vere redde for at dei tar heilt av. Det er i så fall berre bra og viktig for energien i gruppa, seier Åsli.

Han er konsulent hos Bertrand som driv mental trening retta mot toppidrett, næringsliv, forsvar og politi.

– Skaper ein ny «drive» i heile laget

Morten Åsli

MENTAL TRENAR: Morten Åsli rår Sogndal-spelarane til å dyrke det positive frå Haugesund-kampen. - Dei må bruke det til å gire seg opp.

Foto: Pressefoto

Etter 11 kampar utan siger, vart det endeleg full klaff på heimebane då Sogndal møtte Haugesund på Fosshaugane Campus laurdag. Med 4-1-siger i skjebnekampen kunne både lag og supporterar puste letta ut og sjå at Sogndal igjen karra seg over nedrykksstreken.

Åsli er ikkje redd for at sogndølane vil ta for lett på dei resterande kampane i serieinnspurten.

– Det skaper ein ny «drive» i heile laget. Eg trur ikkje det noko fare for at dei misser bakkekontakten, dei veit jo at dei framleis ligg i nedrykksstriden, seier den mentale trenaren.

Vekkaren laget trengde?

Åsli peikar på at 4–1 sigeren på Fosshaugane viser at Sogndal framleis kan vinne, og meiner det er viktig at laget dyrkar energien etter helgas kamp i komande kampar.

– Det er klart at dette var ein ekstremt viktig siger, mentalt sett. Fordi dei kjem seg litt ovanpå. Dei viser at dei kan. Det kan ha vore årets viktigaste siger for Sogndal.

Med 24 poeng og kvalifiseringsplass – treng Sogndal å sanke poeng også i dei resterande fem kampane denne sesongen. Helst minst 30 poeng.

Åsli trur laurdagens kamp kan ha vore ein vekkaren laget treng.

– Når ein ikkje vunne i 11 kampar på rad, og du ligg i nedrykksstriden i Tippeligaen, då treng ein å få tilbake trua på seg sjølv. Det er kanskje nettopp derfor dei plutseleg vinn ein så viktig kamp. Det går opp for dei kollektivt at no er presset der.

Flo: – Vi kan ikkje ta heilt av

Ulrik Flo

TEK IKKJE AV: Sogndal-angripar Ulrik Flo er klar på at laget framleis må kjempe om eliteserieplassen, men håpar å gjere dystre spådomar til skamme.

Foto: Alf Vidar Snæland / NTB Scanpix

Spelarane sjølv var letta etter kampen mot Haugesund, men då Sogndal-spiss Ulrik Flo møtte presse etter kampen, streka han under at dei ikkje vil miste bakkekontakt av den grunn.

– Vi kan ikkje ta heilt av etter denne sigeren. Mange har uttala seg om at toget er gått og at vi er ferdige, og at no blir det nedrykk. No skal ikkje seie at vi klarer oss, men vi må ta med oss det positive, sa Flo til NRK.no.

Åsli på si side, trur ikkje laget har noko å tape på å gire seg sjølv opp litt.

– Eg ville ikkje vore redd for at dei tek av, eg trur heller det er positivt. Kanskje dei får tilbake trua på seg sjølve, seier den mentale trenaren.