NRK Meny
Normal

Trur skipstunnelen vil gi eit løft til fiskerinæringa

Den norske fiskerinæringa vil få eit løft som følgje av Stad skipstunnel. I dag har det vore jubelstemning og gledestårer i Selje over kunngjeringa om at verdas første skipstunnel ligg inne med 2,7 milliardar i Nasjonal Transportplan.

Nils Myklebust og Stig Oldeide

GLADE FISKARAR: Dei to fiskarane Nils Myklebust og Stig Oldeide smiler breitt over at det no vert skipstunnel.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– I dag vil vi takke alle som har vore med og bidrege. Det at vi endeleg har klart å lande dette prosjektet vil gi ein utruleg opptur for fiskerinæringa, seier fiskeskipper og reiar Stig Oldeide.

I fleire tiår har krefter jobba med å få bygt tunnelen som skal gjere det tryggare for skipstrafikken å krysse det vêrutsette havområdet rundt Stad. For fiskarane betyr dette at dei no kan levere fisken på begge sider av Stad, uavhengig av vêret.

– Tidlegare måtte vi ta omsyn til vêret når vi melde inn fangst. Til dømes når vi låg i Barentshavet og fiska sild, då måtte vi ofte seie at kjøparane sør om Stad ikkje kunne by på fisken. Når tunnelen opnar står vi fritt til å legge fisken ut på auksjon i heile landet, noko som vil gjere at fiskarane får ein betre pris på fisken sin, seier Oldeide.

Trygg reise forbi Stad

– Dette er ein gledens dag, seier Nils Myklebust, tidlegare leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag og no varaordførar i Vågsøy.

Som så mange andre som var møtte fram i Selje i dag, ser han fram til at fiskarane skal få ein tryggare fart forbi Stad.

– No er det som han Stig Oldeide seier, at vi skal takke alle som har vore med sidan starten på 1980-talet. Dei som har stått på gjennom nedturane som har vore, og den førre regjeringa som la inn den første milliarden, seier Myklebust.

For nedturane har vore mange for dei som har kjempa for å få realisert den 1,7 kilometer lange tunnelen under Mannseidet i Selje.

Lang veg

Det skulle gå nesten 30 år og 17 utgreiingar før tunnelforkjemparane no ser ut til å vere i hamn.

Åge Starheim

RØRT TIL TÅRER: Tidlegare ordførar i Selje, Åge Starheim måtte tørke ei tåre då vart kjent at regjeringa vil fullfinansiere Stad skipstunnel.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

– Dette er ein av dei beste dagane i mitt liv, seier Åge Starheim.

Starheim var ordførar i Selje då Johannes Baldersheim ein dag dukka opp på kontoret hans og lanserte planen om ein skipstunnel på 1980-talet

– Johannes Baldersheim får vi vel seie er far til tunnelen, eg var så heldig at eg fekk vere fadder, seier Starheim.

Vart latterleggjorde

Men fødselen for hjartebarnet var alt frå enkel. Då Baldersheim og Starheim byrja å jobbe med planane var det mange som meinte ideen var for vill, og dei to vart nærast til latter.

– Idiotar var av dei finare karakteristikkane vi fekk. Men vi hadde tru på prosjektet og gav ikkje opp, og difor er dette ein stor dag for oss i dag, seier Starheim.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.