Trur Silden kan vekkje regjeringa

– Det at ein ordførar melder seg ut på grunn av lokalsjukehusstriden har truleg større verknad enn om han skulle gjort det for ei anna sak.

Frank Aarebrot

BLIR LAGT MERKE TIL: Valforskar Frank Aarebrot trur det blir lagt merke til når ein Ap-ordførar melder seg ut.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Det meiner professor i samanliknande politikk, Frank Aarebrot ved Universitetet i Bergen.

Vågsøyordførar Roger B Silden, som har vore ein sterk forkjempar for føde- og ortopeditilbodet ved Nordfjord sjukehus, har tidlegare truga med å melde seg ut av partiet. Onsdag gjorde han alvor av dette og melde seg ut av partiet i protest mot sjukehuspolitikken.

Aarebrot trur det kan ha effekt.

– Eg er slett ikkje sikkert på at dette ikkje vil vere verknadsfullt i denne konkrete saka. Denne lokalsjukehussaka har eit nasjonalt preg. Det er fullt mogleg at regjeringa etter kvart må ta til vetet og ta omsyn til folk sine reaksjonar over det ganske land, seier Aarebrot som sjølv er Ap-medlem.

NRK Sogn og Fjordane sin mangeårige valekspert Knut Henning Grepstad meiner det er ei historisk hending at ein sitjande ordførar meldar seg ut av partiet sitt, slik Roger B. Silden i Vågsøy har gjort.

– Eg kan ikkje hugste frå historisk moderne tid i Sogn og Fjordane at ein ordførar har gjort dette. Eg trur dette må karakteriserast som veldig spesielt, seier Grepstad.

Roger B. Silden som er inne i sitt 12. år som ordførar har tidlegare takka nei til attval.