Hopp til innhold

Trur rømd fange er i Bergen

Politiet trur no at fangen som rømde frå politiet på Vangsnes er i Bergen. Lensmann i Vik, Ove Andersen, seier til Bergens Tidende at dei internt i politiet har ei oppfatning om kvar den etterlyste kanskje oppheld seg. Mannen har omgangskrins i Bergen, så det er naturleg å tru at han er der, utan at eg kan seie noko meir om det, seier Andersen.