Hopp til innhold

Meiner det er usannsynleg at regjeringa går for bompengar

Tysdag sa eit breitt fleirtal i fylkestinget ja til bompengesøknaden frå Førdepakken. Men fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik meiner mykje talar mot at regjeringa skal godta bompengar i Førde.

Frank Willy Djuvik

IKKJE SIKKER: Frank Willy Djuvik er slett ikkje sikker på at regjeringa vil applaudere ein bomring rundt Førde.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Vi har ei regjering som har vore tydeleg i regjeringsplattforma på at ein ønskjer å redusere bruken av bompengar, seier fylkesleiar i Framstegspartiet i Sogn og Fjordane, Frank Willy Djuvik.

Han sår tvil om at bompengesøknaden til Førde vil gå knirkefritt gjennom.

– Regjeringa vil nok sjå nøye på om ein får att ein god og positiv effekt både på verdiskaping, folketalsauke og næringsutvikling for dei pengane som ein godtek skal krevjast inn på denne måten. Og slik eg ser det, så tilfredsstiller ikkje Førdepakken dei krava.

Berre Frp stemde i mot

Tysdag vedtok fylkestinget å seie ja til at Førde skal få krevje inn 1 milliard kroner i bompengar for å ruste opp trafikkbiletet i fylkets største by.

Det var berre mot Framstegspartiet sine tre røyster. No seier fylkesleiar Frank Willy Djuvik, at fylket sitt ja, fort kan bli regjeringa sitt nei.

– Sogn og Fjordane blir frå rundt 1. februar neste år, det første bomfrie fylket i Norge. Vi innfrir med det lovnaden til veljarane våre. Då trur eg kanskje det vil sitje langt inne å skulle innføre eit nytt prosjekt att, seier Djuvik.

Men Høgre-ordførar Olve Grotle i Førde peikar på at fleirtalet i hans eigen kommune, dei fem nabokommunane og fylkestinget ønskjer bompengar.

Førde-ordføraren kjenner seg trygg

– Eg vil nesten gå så langt som å seie at eg tykkjer det er eit demokratisk problem viss det skal vere eitt parti som skal vere ein brems på dette inne i departementa. Eg er ganske trygg på at regjeringa til slutt vil falle ned på at dette er eit godt prosjekt som skal gjennomførast, seier Grotle.

Han legg til at det er i samsvar med regjeringserklæringa, slik han opplever den.

– Eg håpar og til dels reknar med, at dette går bra til slutt, seier Grotle.

Men Djuvik lovar regjeringskollegaen kamp.

– Vi har vore veldig tydelege, både i Førde og i Sogn og Fjordane på dette, og vi kjem til å bruke det vi har inn mot regjeringa for å påverke, seier Djuvik.

Fylkeskommunen forpliktar seg til å spytte inn 150 millionar kroner, over seks år, frå 2018.