Hopp til innhold

Trur politiressursane hamnar i Bergen

Meir kriminalitet i og rundt Bergen, gjer at meir av politiressursane blir flytta dit. Sogn og Fjordane blir taparen, trur Knut Broberg, tidlegare mangeårig politijurist i Florø.

Knut Broberg

Fordi det bur langt meir folk og kriminaliteten er langt større i og rundt Bergen, vil meir av politiressursane bli flytta dit, trur Knut Broberg, tidlegare mangeårig politijurist ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Foto: Bård Siem / NRK

Det er sikra fleirtal for den nye politireforma på Stortinget, ei reform som gjer at Sogn og Fjordane som eige politidistrikt snart er historie. Det nye politidistrikt Vest skal styrast frå Bergen og fleire av dei 22 lensmannskontora i fylket vårt blir truleg lagde ned.

– Når ressursane skal fordelast innanfor eit større område, blir det konkurranse mellom by og land. Det er ein heilt annan befolkningsstruktur og kriminalitetsbildet er større i Hordaland, seier Broberg.

Likevel positiv til reforma

Sett frå det nasjonale planet ser Knut Broberg fleire positive sider ved politireforma, som til dømes meir kompetente etterforskingseiningar og betre vakt- og beredskapsordningar som vil gje publikum eit betre tilbod. Samtidig trur han at Sogn og Fjordane vil kome dårleg ut.

– Politiet vil alltid rette innsatsen sin mot der dei alvorlege brotsverka skjer. Det betyr at vårt fylke i mange samanhengar blir funne for lett, seier Broberg.

Dersom du kan ta tre kilo narkotika i Bergen til ein kostnad på ein halv million kroner, brukar du heller dette beløpet i Bergen enn i vårt fylke, der du kanskje får tak i hundre gram narkotika.

Knut Broberg

Avviser kritikken

Stortingsrepresentant Anders B. Werp, første nestleiar i Justiskomiteen for Høgre, avviser at Sogn og Fjordane vil kome dårleg ut av politireforma.

Anders B. Werp

Stortingsrepresentant Anders B. Werp, nestleiar i Justiskomiteen for Høgre, føler seg trygg på at politireforma blir bra for Sogn og Fjordane.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Den nye politimeisteren for det nye politidistrikt Vest vil merke seg den høge oppklaringsprosenten og den låge sakshandsamingstida i Sogn og Fjordane politidistrikt.

– Eg at sikker på at han vil vere veldig oppteken av å organisere tenesta på ein slik måte at dette blir vidareført, seier han.

– Så du trur ikkje på det den røynde politiadvokaten seier?

– Det blir nesten umogleg å diskutere påstandar. Eg er sikker på at den nye politimeisteren er oppteken av å ta vare på dei gode kvalitetane som er i Sogn og Fjordane.

Men den tidlegare politiadvokaten trur ikkje på at politikaren har rett.

– Det er så enkelt at dersom du kan ta tre kilo narkotika i Bergen til ein kostnad på ein halv million kroner, brukar du heller dette beløpet i Bergen enn i vårt fylke, der du kanskje får tak i hundre gram narkotika, seier Broberg.