Hopp til innhold

Trur ikkje politidistriktet får leve

Politiets Fellesforbund er budd på store endringar for politiet i fylket i framtida. I dag får dei vite meir om kva dei faktisk kan vente seg.

Kjetil Drange

BLIR UTAN: Kjetil Drange trur Sogn og Fjordane blir utan eige politidistrikt.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Politiet sitt analyseutval legg i nemleg fram rapporten om framtidas organisering av politidistrikta i dag.

Det har allereie vore ein del lekkasjar, og det er venta at ein vil føreslå å kutte dagens 27 politidistrikt ned til berre seks stykk.

Kjetil Drange som er leiar i Politiets Fellesforbund her i fylket trur Sogn og Fjordane politidistrikt kjem til å forsvinne.

– Med ein så monaleg reduksjon, så er det ikkje naturleg å tenkje at Sogn og Fjordane politidistrikt består slik det er i dag.

(Artikkelen held fram under direktesendinga)

Politianalysen og plan for utvikling av politiet legges fram. Arbeidsgruppen som er nedsatt av regjeringen er ledet av Arne Røksund. Utvalget leverer sin rapport til justis- og beredskapsminister Grete Faremo.

Fremleggelse av politianalysen

I utgangspunktet positive

Diskusjonen om korleis politiet skal organiserast har gått lenge. Lenge har det vore snakk om færre lensmannskontor og alt tyder på at dette no kjem til å bli gjennomført.

Drange er budd på store endringar, og seier dei i utgangspunktet er positive. Dersom det som skjer kjem innbyggjarane til gode og fører til betre beredskap.

– Å endre på den prosessen som kjem trur eg blir vanskeleg. Det er ikkje der vi blir leia frå som er viktig, men at det er politi der publikum er, seier han til NRK.no nokre timar før rapporten blir lagt fram.

– Vil færre politidistrikt føre bil betre beredskap?

– Viss frigjorte resursar fører til auka bemanning, så er jo det eit moment. Men eg har ikkje fasiten på om det blir betre eller verre, seier Drange.

Håpar å unngå oppseiingar

Med dei store endringane som er venta må politifolka i fylket bu seg på at kvardagen kan bli annleis.

Samtidig håpar Drange at ein skal greie unngå oppseiingar.

– Det er klart at dei som har arbeidsplassar som ligg i område som blir råka av endringar, der fryktar ein naturleg nok det.

– Men eg tvilar på at folk blir oppsagde, men ein del omstillingsprosessar vil det nok bli, seier han.

Nektar bli salderingspost

Drange lovar at Politiets Fellesforbund vil vere aktive i prosessen vidare.

– Vi skal jobbe for at politiet ikkje blir utvatna i denne prosessen. Vi har tidlegare uttrykt uro for at vi ved tidlegare samanslåingar har sett at resursar blir drege inn mot sentrum.

– Det er noko vi kjem til å fokus på. Vi skal ikkje bli ein salderingspost, seier han om politiet i Sogn og Fjordane si framtid.