Hopp til innhold

Optimist etter møte med stortingspolitikarane, trur det kjem meir pengar til gjenreising

Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, har tru på at Stortingspolitikarane i kommunalkomiteen vil sette av ekstra pengar til den brannråka kommunen.

Jan Geir Solheim

OPTIMIST: Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, trur stortingspolitikarane vil løyve meir pengar til den brannråka kommunen. Spørsmålet er kor mykje og kor tid.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

– Møtet gjekk veldig bra. Eg trur heilt sikkert vi får pengar, men spørsmålet er kor mykje, fortel ordførar Jan Geir Solheim, frå Sp.

Då revidert nasjonalbudsjett vart lagt fram sist veke stod han sint og skuffa tilbake. Der kom det nemleg ingen konkrete lovnadar om pengar til den brannråka kommunen. Kommunen har tidlegare tolka signala frå regjeringa til at det kjem meir pengar til gjenreising av bygda.

Kommune i akutt pengenød

Han la vekt på at kommunen er i akutt pengenød, og treng store summar så raskt som mogleg. Berre i år meiner Solheim at kommunen treng 28 millionar kroner.

– Totalt vil vi heilt klart trenge meir, men det blir i 2015 og 2016 og då også i form av omstillingsmidlar. Det einaste som betyr noko no er tida. Det viktigaste for oss er at ein vel det som er raskast og som gjev best resultat. Vi har akutt behov for pengehjelp og likviditeten vår er svekka.

– Dårleg kommunikasjon med departementet

For Solheim vart dagens møte meir positivt. Han fekk inntrykk av at medlemmane i komiteen likte atterreisingsplanen som kommunen la fram og informerte om på Stortinget.

– Politikarane i komiteen hadde sett seg godt inn i saka, og stilte gode spørsmål. Dei spurte ikkje om planen eller heilskapen i den. Dei ville vite meir om vi hadde levert i tide og korleis forholdet til departementet har vore i saka.

Der måtte ordføraren innrømme at det den siste tida har vore lite dialog.

– I den tida vi har arbeidd med planen så har det ikkje eit einaste spørsmål til planen frå departementet, seier ordføraren.

Fleire ynskjer svar om pengegaranti

Kommunen har også ein søknad inne hjå Kommunaldepartementet. Den er det venta svar på innan kort tid, og pengane som eventuelt kjem der kjem uavhengig av revidert nasjonalbudsjett.

Også Audun Lysbakken, partileiar for SV og stortingsrepresnetant, ynskjer å vite meir om framdrifta i pengehjelpa til Lærdal. I skriftlege spørsmål til kommunalminister Jan Tore Sanner, spør han kor tid det blir teke stilling til søknaden og om statsråden kan garantere at regjeringa vil løyve dei nødvendige midlane.