Trur paraplyen kan liggje heime 17. mai

Mange er opptekne av 17. mai-veret, for det er fint å kunne ta på seg finstasen utan å måtte dekkje seg til med regnklede og paraply.

17. mai i Førde

17. MAI: Her frå 17. mai-toget i Førde for nokre år sidan. Også då var det opphaldsver og sol.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Og sjølv om det er nokre dagar igjen til feiringa, ser det lovande ut.

– Førebels viser prognosen at det er eit høgtrykk som byggjer seg opp over store deler av Skandinavia. Slik det ser ut no, blir det rolege vindforhold, høgare temperaturar og mykje sol på 17. mai, seier statsmeteorolog Anne Hesby Palm ved vervarslinga på Vestlandet.

Ho reknar med at temperaturane vil liggje på mellom 15-20 grader fleire stader.

– Det ser ut til å bli ein veldig fin 17. mai. Det blir ikkje for varmt og ikkje for kaldt, og paraplyen kan liggje heime. Det blir altså fint bunadsver, seier ho.

Dette gjeld ikkje berre i Sogn og Fjordane, men heile Vestlandet og truleg resten av Sør-Noreg.

– Det kan hende temperaturane blitt høgare lenger sør, seier ho.

På dagen i dag kan du vente deg nordleg vind som kan blåse opp til stiv kuling på kysten.

– Det kan bli byer i form av regn eller sludd. Det er først på tysdag det byrjar å bli bra, og temperaturen vil stige jamt og trutt.

Har du lyst på gode oppskrifter til 17. mai, så finn du både dessertar, kaker og anna matnrk.no/mat.