Hopp til innhold

Trur på sterk auke i Flåm

Det er venta 255.000 cruisepassasjerar til Flåm i år. Det er ein sterk auke frå 2015, som var eit år under normalen. – Også bestillingane for neste år ser bra ut, seier assisterande hamnesjef Jon Olav Stedje i Flåm. Så langt har 119 skip meldt sin ankomst i 2017. I fjor var 171 cruiseskip innom Flåm.

Cruiseskip i Flåm
Foto: Merete Husmo Høidal / NRK