Hopp til innhold

– Vi må tole at ikkje alle er samde med oss

– Eg er vant med å stå i debatten og toler kritikk, seier Atle Hamar som i dag blei valt inn i Helse Førde-styret.

Atle Hamar

SPENNANDE OPPGÅVER: Atle Hamar går no inn i som nytt medlem i Helse Førde-styret. Det gler han seg til.

Foto: Vegard Fimland

Agnes Landstad

GLER SEG: Agnes Landstad frå Leikanger blir ny nestleiar i Helse Førde-styret.

Foto: Heidi Widerøe

Som styremedlem i Helse Førde må ein førebu seg på kjeft og verbal juling, samtidig som dei får makta til å forme helsetilbodet i eit heilt fylke.

– Når ein har vore statssekretær og også direktør som må fatte mange vedtak som gjer at alle ikkje er heilt samde, er det ein del av jobben å tole det. Også eit styre skal utøve funksjonen sin og så er det som regel direktøren som uttalar seg på vegner av styret, seier han.

Veit kva utfordringar fylket har

Hamer er direktør for Lotteri- og stiftelsestilsynet. Han har lang erfaring med statleg forvaltning, styreverv og har også hatt tunge politiske verv.

– Eg trur eg kan tilføre ein del etter å ha leia ei kunnskapsverksemd. Eg har også eit forhold til korleis Sogn og Fjordane er i forhold til å rekruttere spesialisert arbeidskraft.

Det har vore eit målsetjing å ha færre politikarar og mindre politisk styring i styra i helseføretaka. Sjølv om han har ein politisk bakgrunn, ser Hamar på seg sjølv som profesjonell styremedlem.

– Eg har erfaring frå å leie kunnskapsbedrifter og statleg forvaltning som eg kan ta med meg inn i styret.

– Kva blir viktig for deg å jobbe med som styremedlem?

– Helse Førde har hatt mange tunge løft og store utfordringar. Eg trur det er viktig for eit helseføretak å sikre spesialisthelsetenester i kombinasjon med eit godt og lokalt tilbod, seier Hamar.

Trur på spennande oppgåver

Agnes Landstad

GLER SEG: Agnes Landstad frå Leikanger blir ny nestleiar i Helse Førde-styret.

Foto: Heidi Widerøe

Agnes Landstad frå Leikanger blir nestleiar i det nye Helse Førde-styret. Ho er dagleg leiar for Forskningsinstituttenes fellesarena i Abelia i Oslo, og har tidlegare vore direktør i Vestlandsforsking. Ho trur det blir ei stor utfordring, men samstundes spennande å gå inn i styret.

– Eg er audmjuk og går inn i dette med glede. Det er eit kompetent styre og det er ein organisasjon som er i god drift. Det er eit godt utgangspunkt.

Sogningen har fleire års erfaring frå fylkeskommunen då den eigde og dreiv sjukehusa. Ho har også erfaring frå Helse Førde etter foretaksreforma. Ho trur at nokre år vekke, berre er positivt.

– Eg håper eg har noko med meg frå helseadministrasjonserfaringa mi og noko frå det å leie kunnskapsbedrifter. Det å delta i samfunnsdebatten er også verdt å ta med seg, seier ho.

Vil sikre god utvikling

Som nestleiar i det nye styret vil ho vere med å sikre god kvalitet i tenestene til innbyggjarane i Sogn og Fjordane.

– Vi har nokre utfordringar med spreidd busetnad, samstundes skal vi sikre gode tenester til alle, Det har vore ei god utvikling i forhold til å ta i bruk moderne teknologi og behandlingsmetodar. Å sikre denne utviklinga framover, tenkjer eg er viktig, seier ho.

I Helse Førde ser det nye styret slik ut:

  • Jorunn Ringstad, leiar
  • Agnes Landstad, nestleiar (NY)
  • Atle Hamar (NY)
  • Liv Stave
  • Harry Mowatt
  • Helge Bryne
  • Randi Aven (vald av og blant dei tilsette)
  • Wenche Kristin Røkenes (vald av og blant dei tilsette)
  • Berit M. Johanssen Hornnes (vald av og blant dei tilsette)
  • Geir Berge Øverland (vald av og blant dei tilsette)

Krf-politikaren Trude Brosvik er dermed ute av styret, det same er kommunelege Knut Cotta Schønberg i Luster og Anni Felde, tidlegare helse og omsorgssjef i Gloppen kommune.