Hopp til innhold

Trur på rekordoppslutnad for VG-lista i Førde

Berre timar etter at Førde stakk av med sigeren i kampen om å få Extra VG-lista til byen, har dei fått ei ny utfordring.

VG-lista i Trondheim

FOLKEFEST: VG håpar publikum stiller mannsterke når sirkuset kjem til Sunnfjord i juli. Kjem det over 14000 tilskodarar blir Førde nest største arrangøren av konserten. Her frå arrangementet i Trondheim i 2014.

Foto: Eirik Stokstad Brødholt / NRK

– Vi har utfordra Førde litt, på om dei klarer 15 000 publikummarar. Trondheim, Bergen og Stavanger pleier å ligge på mellom 11 000 og 13 000. Sortland klarte å få fleire tilskodarar enn i Bergen og Trondheim det året, og det er ganske imponerande, seier jurymedlem og ansvarleg for sosiale medium i VG, Øyvind Solstad.

Øyvind Solstad

FORVENTINGAR: Øyvind Solstad, medlem av juryen som plukka ut Førde som vinnar av konkurransen, håpar på ein skikkeleg folkefest når VG-lista rullar inn i Sunnfjord.

Onsdag 27. juli brakar det bokstavleg talt laust i Førde. Då kjem VG-lista til byen, og dei reklamerer med at ein på desse konsertane får oppleve det beste av norske artistar, krydra med utanlandske stjerner. Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger står på turnelista, og i dag vart det klart at Førde er siste stopp for turneen.

– Høgnar til 20 000

Primusmotorar bak arbeidet med å få konsertane lagt til Førde tek utfordringa frå arrangørane på ståande fot.

– Eg trur vi berre høgnar til 20 000 tilskodarar. Det er litt vêravhengig, men er det gode meldingar, så får vi med oss alle i kommunane rundt. Gjennom konkurransen om å bli Extra-byen, så trur eg alle i fylket har fått eigarskap til dette, seier Simon Vie og Ørjan Alme.

Kvar scena skal vere og kven som skal stå på den er framleis uklart, men dei to entusiastane er klare på kven dei vil sjå.

– Markus og Martinius. Og Kygo.

Håpar arrangementet bygg opp om ny fellesskap

Fem byar kjempa i teten om å få den ekstra turneestoppen lagt til sin by. Eit enormt engasjement frå heile Førde og omland sikra til slutt sigeren. Offentleggjeringa av kva artistar som kjem skjer først i mai.

VG-TV intervjuar Simon Vie og butikksjef Ørjan Alme

JUBLA OVER FØRDE: VG lurte primusmotorane Simon Vie og Ørjan Alme då dei onsdag avslørte kva by som stakk av med sigeren. Då resultatet var klart braut dei ut i jubel og tårer.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Vi håpar på masse god stemning og folk. Det blir ei gigantisk scene med full lyd og rigg. Og artistane held lyd- og sceneprøvar den dagen, så det blir mykje å sjå på gjennom heile dagen, lovar Solstad.

For dei som har stått i bresjen for Førde så langt står det framleis att mykje jobb før 27. juli. Dei håpar at innbyggjarane i heile fylket vil støtte opp om arrangementet.

– Det er ikkje typisk oss å stå så tett samla, vi ryk i hop om alt mogeleg. Dette er ei enkel gladsak, som er barnevennleg og gratis. Eg trur heile fylket har fått eigarskap til det, og kanskje kan det vekke ein ny tankegang om at vi står sterkare saman.