Og sjølv om det ikkje kom konkrete lovnader, så trur Pavelich på snarleg realisering av operahuset. Statssekretær i Kulturdepartementet, Yngve Slettholm, og leiar for kulturkomiteen på Stortinget, Sonja Sjøli, var begge til stades på operapremieren onsdag, og torsdag fekk dei sjå planane operasjefen har for eit operahus på Nordfjordeid.
Kari Standal Pavelic
Evig optimist
Ein sal med plass til 500 vil koste 50 millionar kroner. Eid kommune har sagt seg villig til å dekke 20 millionar, og etter møtet med leiinga i departement og stortingskomité torsdag, skal søknad om statleg støtte sendast. I tillegg vil Opera Nordfjord be om fylkeskommunalt bidrag på Fylkestinget i desember.
Og ein oppglødd operasjef trur draumen blir verkeleg om få år. - Eg er evig optimist, og håpar han skal stå ferdig om eit par-tre år, seier ho.