NRK Meny
Normal

Trur på nye rekordar når verdas beste kjem til Skåla Opp

Laurdag går startskotet for den 14. utgåva av motbakkeløpet Skåla Opp. Arrangøren fortel om sterke startfelt i både dame- og herreklassa.

Killian Jornet Burgada

DELTEK: Fjelløparen Killian Jornet Burgada har sprunge opp og ned nokre av dei høgste fjella i verda, og har vunne ei rekkje ultramaraton. No deltek han i Skåla Opp

Foto: Pressefoto

Motbakkeløpet som går dei 1 848 høgdemeterane opp til Skålatårnet har både ei tur- og konkurranseklasse, og i år er konkurransen hardare enn nokon gong for deltakarane.

– Eg vart kontakta i fjor av verdas beste fjelløpar, Kilian Jornet Burgada, som spurte om han ikkje kunne få vere med på Skåla Opp, og då var jo sjølvsagt svaret ja, seier Erik Brendefur, som er leiar for arrangementet.

Sterke kandidatar

Erik Brendefur

TRUR PÅ NYE REKORDAR: Leiar for Skåla Opp, Erik Brendefur, hevdar det er eit så sterkt startfelt at ein kan håpe på nye rekordar i motbakkeløpet.

Foto: Bård Siem / NRK

27-åringen frå Spania kan springe timevis utan å ta til seg drikke og sette nyleg rekord opp Mount Blanc. Han har denne veka vore i Åndalsnes og Jotunheimen ifølgje Brendefur, som vektlegg at dei også har andre sterke kandidatar på startstreken.

– Europameister og Fanaråken Opp-vinnar Johan Bugge kjem kanskje, Jonathan Wyatt som er verdsmeister i motbakkeløp seks gongar kjem, Ahmet Arslan som er noverande rekordhaldar (med 1.07.06), Torbjørn Ludvigsen og Stian Hovind Angermund stiller også, seier han.

Brendefur fortel at det også i dameklassa kan bli hard kamp om sigeren i år.

– Nummer to i Fanaråken-Opp og løyperekordhaldar, Anita Håkenstad Evertsen, gjer comeback. I tillegg stiller årets europameister Eli Anne Dvergsdal og fjorårets vinnar Laura Orgue frå Spania til start, i tillegg til mange andre. Så det er eit sterkt felt, fortel leiaren, som har tru på at det kanskje kan blir nye rekordar.

– Vi har hatt veldig mange gode løparar her, både nasjonale og internasjonale, men litt spesielt er det jo at vi har fått med oss verdas beste fjelløpar. Eg er spent på om han taklar løypa og forholda, men vi håpar på ny rekord, seier Brendefur.

Må bu seg på snø

Brendefur gjekk sjølv opp på Skålatårnet førre søndag, og fortel at løparane må bu seg på litt snø i løypa.

– Det er nok rundt 300 lengdemeter med snø, men den er veldig kompakt, så det skal gå fint å springe på snøen, fortel Brendefur.

Samstundes har arrangørane gjort alt dei kan for å legge til rette for både mosjonistar og konkurransedeltakarar.

– Vi sende opp to personar for å grave fram steintrappene der det er mogleg. Ein får ikkje det same fråsparket på snø som ein gjere på stein, seier Brendefur.

Vegopning på Bergum i Førde kommune