Hopp til innhold

Trur på ny cupbombe mot Sogndal

Øystein Myrkaskog og lagkameratane i Førde gler seg stort til å spele nok ein cupkamp mot eit eliteserielag.

Øystein Myrkaskog

– KLAR TIL Å GI ALT: Øystein Myrkaskog håpar på nettkjenning mot Sogndal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Både eg og resten av gruppa gler oss stort. Etter det vi fekk til mot Brann og med den ramma som var rundt den kampen håpar vi på mykje det same. Men det blir vanskeleg å gjenskape det vi fekk til mot Brann, for Sogndal veit kva dei kjem til, så det blir ein tøffare kamp. Men vi er klare til å gi alt, seier spissen frå Vik.

Sogndal og Førde har ein ting felles i serien i år. Begge laga har scora få mål. Sogndal har tre mål på sju kampar, Førde har to på sine tre kampar. Myrkaskog har lyst til å rette på dette mot Sogndal.

– Det er på tide at eg tek til å score, så eg håpar å få til det. Men så lenge det står 0-0 i denne kampen så er det til fordel for oss.

Førde førebur nok ein cupkamp

FØREBUR NY STORKAMP: Per Øyvind Storevik i Førde fotball fraktar reklameplakatar til bana i Hafstadparken.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Gler seg til å møte Fardal Opseth

For to år sidan var karen frå Vik på nippet til å melde overgang til Sogndal. Han var med laget på treningsleir, men valde likevel å bli i Førde. Dette spelar ikkje nokon rolle for han no når dei møter Sogndal.

– I grunnen ikkje. Men det er stort både for meg og alle andre å møte endå eit eliteserielag. Sjølv om eg var innom Sogndal ein liten periode betyr ikkje det så mykje.

Då Myrkaskog sa nei til Sogndal i januar 2014 gjekk spørsmålet vidare til dåverande lagkamerat Kristian Fardal Opseth, som no er ein viktig brikke på eliteserielaget. Og det er eit gjensyn vikjen gler seg til.

– Ja, eg synest det er kjekkare enn å møte sjølve Sogndal, men samstundes likar eg ikkje å møte han, for han er skummel. Du skal ikkje gi han mykje rom før han fyrer laus.

Julian Madsen

– MÅ JOBBE HARDT: Førde-trenar Julian Madsen trur på ny cupbombe - på ein perfekt dag.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Ny kamp mot Goliat

Førde-trenar Julian Madsen håpar at like mange tek vegen til Hafstadparken torsdag som mot Brann - det vil seie rundt 3100.

– Eg trur det blir ein ny kamp mellom David og Goliat. Skal vi vinne må vi jobbe meir enn motstandaren. Og på ein perfekt dag kan vi slå kven som helst når dei ikkje yter 100 prosent.

Han tek for gitt at Sogndal vil prøve å styre spelet når dei møter eit andredivisjonslag.

– Dei er best når dei kan kontre, men eg reknar ikkje med at dei legg seg bakpå mot oss. Og dersom dei satsar på å styre showet skal vi gjere vårt for å straffe dei hardt.

Førde har enno til gode å vinne i serien. Fasiten er to 1-1-kampar og eit 1-0-tap mot Vålerenga 2.

– Vi har møtt dei to beste laga i avdelinga, og kampen heime mot Sola var ein parodi på grunn av den håplause bana. Vi skal kome sterkare etter kvart.

Eirik Bakke

MØTER GODT FØREBUDD: Sogndal-trenar Eirik Bakke og laget hans tek ikkje lett på cupkampen mot Førde.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Kjem ikkje til å undervurdere Førde

Sogndal-trenar Eirik Bakke forsikrar at han og spelarane ikkje kjem til å gå i same fella som Brann og undervurdere Førde.

– Vi kjem med eit sterkt lag. Utanom dei som er ute med skade stiller vi med alle. Det blir nok ein del nye som får sjansen, for vi rullerer litt på laget. Vi møter kampen med profesjonalitet, slik vi alltid gjer.

– Uavhengig av om det er Valdres, Førde eller Rosenborg vi møter er det viktig å vinne kampen, og for oss er det viktig å vise at det er skilnad på Tippeligaen og 2. divisjon.

I helga skal Sogndal møte Rosenborg i seriekamp på Fosshaugane Campus, og Bakke ser ikkje bort frå at at enkelte spelarar har ein del av fokuset sitt der.

– Men kampen mot Førde er ein ny sjanse til å vise seg fram, eg kjem til å sjå på kven som ser ut til å ha lyst til å spele søndag, så det er mange kampar i kampen.