Hopp til innhold

Ny reiselivsdirektør forventar ny avtale om Flåmsbana

Nytilsett direktør for Visit Sognefjord, Ståle Brandshaug, forventar at Aurland Ressursutvikling og NSB kjem fram til ein god avtale for vidare drift av Flåmsbana.

Ståle Brandshaug

NY DIREKTØR: Ståle Brandshaug har fått jobben som den første direktøren for Visit Sognefjord.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Sogndølen Brandshaug, som kjem frå stillinga som reiselivsdirektør i Stavanger, tek for første gong bladet frå munnen i striden om framtida for Flåmsbana.

Som forfattar av reiselivsplanen for Sogn og Fjordane, har han lenge vore klar på at Flåmsbana er eit heilt naudsynt element for ei vidare utvikling av reiselivet her i fylket.

– Det er viktig at det blir landa ei god løysing der inne. Det er ein av dei store motorane i reiselivet i regionen og det blir viktig å følgje den saka framover, seier Brandshaug til NRK.

Brot i forhandlingane

Avtalen om drift av den innbringande banestrekninga gjekk ut ved nyttår, og partane har dei siste vekene stått steilt mot kvarandre. Sist veka vart det brot i forhandlingane mellom partane, noko som resulterer i at NSB driv Flåmsbana åleine.

Flåmsbana vinterstid (montasje)

POPULÆR: Med over 600.000 reisande er Flåmsbana ein av landets fremste turistattraksjonar.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Eg har aldri opplevd liknande i forhandlingar, og eg har vore med i ein del forhandlingar, sa Ivar Bjarne Underdal, styreleiar i Aurland Ressursutvikling, til NRK.

Vonar på vidare avtale

Direktøren for den nyskipa storsatsinga Visit Sognefjord, Ståle Brandshaug, er overtydd om at det vil vere til det beste for alle partar om dei kjem fram til ei semje snarast råd er.

– Eg vonar sjølvsagt at dei får drifte det vidare. No skal eg innrømme at eg ikkje har følgd med detaljert i saka anna i det eg har lese i media. Men det er klart at det vil vere veldig viktig for heile reiselivet i regionen, og ikkje minst i Aurland og Flåm, at ein kjem til semje om ein god avtale med NSB, seier Brandshaug.