Nektar å gje opp Norled-fusjon

FØRDE (NRK): Etter sju timar med knallharde forhandlingar, klarte Reidar Sandal og Åshild Kjelsnes å smile saman seint måndag kveld.

Reidar Sandal og Åshild Kjelsnes på Sunnfjord hotell

VEL FORLIKTE? Reidar Sandal og Åshild Kjelsnes etter sju timar langt møte måndag kveld.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det var ei heilt spesiell seanse som gjekk føre seg på Sunnfjord hotell i Førde frå klokka 14 til klokka 21 i går.

Først var Fjord1-styret og fylkesutvalet samla i same rom i over to timar, så gjekk dei kvar til sitt, før dei igjen møttest – bokstaveleg tala på midten. Kjelsnes og Sandal var stadig ute av sine respektive og felles møte.

Til slutt møtte dei NRK med ei felles melding, og i alle fall på overflata semje om at det no skal setjast ned ei hurtigarbeidande arbeidsgruppe.

Denne gruppa skal sjå på alle sider ved Fjord1 og framtida, og ikkje minst kva veg selskapet bør gå med tanke på å fusjonere for å bli eit enda større reiarlag.

Trur på fusjonsplanane

Fjord1 sette kaffien i vrangstrupen på fylkespolitikarane då dei 26. mars varsla at dei hadde inngått ein intensjonsavtale med Norled om ei samanslåing. Dette kom heilt overraskande på mange, og det var først i går dei to partane klarte å finne eit kontaktpunkt som passa for alle.

Men styreleiar Sandal legg på ingen måte skjul på at han meiner at ein fusjon med Norled er den einaste vegen å gå for Fjord1.

– Det er det vi i Sogn og Fjordane har vore på leiting etter. Frå Fjord1 si side er vi veldig opptekne av å byggje verdiar og utnytte det enorme potensialet som ligg i den moglege fusjonen med Norled. Eg føler at den moglegheita framleis er der, seier Sandal til NRK.

Nøkkelhol fjord1

LUKKA MØTE: Bak lukka dører sat mange sentrale personar i langt Fjord1-møte måndag kveld.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Glad for arbeidsgruppe

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes vil heller ikkje sjå bort frå at Norled-fusjon er vegen å gå, men ho meiner at alle moglege løysingar for Fjord1 må utgreiast.

– Vi ser framover og vi har eit felles ønskje om å styrkje selskapet på best mogleg måte. Så må vi ha ein god dialog, og då er det ein god måte å gjere det på med å ha ei god arbeidsgruppe.

Reidar Sandal på si side er overtydd om at den vedtekne arbeidsgruppa vil sjå at fusjon med Norled er best.

– Eg legg då til grunn at arbeidet med den ligg der, og at den ikkje er avlyst.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.