Hopp til innhold

Vil ha norges beste til å måle krefter her

Sterke krefter drøymer om NM i friidrett i Florø. Friidrettsgeneralen sjølv har ingen planar om å søke.

Stadion i Florø under Florø Friidrettsfestival 2016

ALT LIGG TIL RETTE FOR NM: Florø får skryt for både banedekke og arrangørkunnskap. Men det er delte meiningar om klubben bør søke om eit nytt NM.

Foto: Rune Fossum / NRK

Med flunkande nytt dekke, sol frå knallblå himmel og tallause gode prestasjonar bokstavleg talt bada Florø Friidrettsfestival seg i glansen i går.

Fleire snakkar no om moglegheitene for å få eit nytt NM til kystbyen. Ståle Jan Frøynes har jobba med friidrettsfestivalen i ei årrekkje, i år som speaker og elitekoordinator. Han trur sjansane for eit NM i Florø innan fire år er store.

– Eg trur sjansen er 99,4 prosent, for å bruke Drillo sin terminologi, seier han oppglødd.

Meiner alt ligg til rette

Frøynes legg ikkje skjul på si begeistring for det han såg i går. Han har sjølv handplukka mange av utøvarane og kjende seg trygg på ny norsk rekord under 400 meter hekk. Heimehåpet Øyvind Strømmen Kjerpeseth måtte til slutt sjå seg slått.

Både Frøynes og speakerkollega Anders Ole Sunnarvik viste begeistring for dei sportslege prestasjonane. Begge deler iveren etter eit nytt NM.

– Det blir ganske sikkert NM i Florø, ganske så snart igjen. No er bana 110 prosent på alle baugar og kantar. Det er god hotellkapasitet, og det er tradisjon for å arrangere gode stemner, seier Frøynes til NRK.no.

Stadion i Florø under Florø Friidrettsfestival 2016

TOPP ANLEGG: Leiar i friidrettskrinsen i Sogn og Fjordane, Narve Heggheim, skildrar anlegget i Florø som det beste i fylket per dags dato.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Ikkje i min regi

Det er klubben som må søke om eit nytt NM. Mangeårig leiar i friidrettsgruppa i Flora Turn og Idrettsforeining, Rune Osa, deler ikkje entusiasmen.

– Det krev så mykje at det bli ikkje i min regi, seier han til NRK.no.

– Er det andre som vil ta det på seg?

– Det veit eg ikkje, det krev så mykje. Det er mykje jobb, dugnad, organisering, marknadsmessig og sponsormessig, ramsar Osa opp.

Som primus motor for friidrettsgruppa har han stått i bresjen for NM i Florø før. Både senior-NM i 2004, junior-NM i 2000, ungdom-NM i 1999 og NM for veteran i 1997 og 2010. Å legge til fleire på lista ser ikkje Osa for seg.

– Topp anlegg

Ein eventuell søknad blir handsama av styret i Friidrettsforbundet. Dei siste åra har dei sagt ja til fire NM på Vestlandet, på rad. I fjor var det i Haugesund, i år Askøy, neste år Sandnes og i 2018 Byrkjelo.

Dagleg leiar i Sogn og Fjordane friidrettskrins, Narve Heggheim, seier det er vanskeleg å svare på kor vidt det er sannsynleg at Florø kan få eit NM i næraste framtid.

Han seier Florø uansett har alt som skal til.

– Florø har arrangementskompetanse og dei har det beste anlegget i fylket, med åtte rundbaner. Det står fram som eit topp anlegg både lokalt og nasjonalt. Det er ingenting i vegen for at Florø kan søke og få tildelt eit NM.