Hopp til innhold

Trur på lysare tider etter ein tøff start på året

SOLUND (NRK): Ved Solund Verft ser dei lysare på framtida, etter nokre tøffe månadar i byrjinga på året.

Svein Tore Eide

HAR TRUA: Dagleg leiar ved Solund Verft, Svein Tore Eide, håpar ordretilgangen held seg god ut året.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Første månadane i år var litt slakke. Men spesielt siste månaden har det teke seg opp, seier dagleg leiar Svein Tore Eide ved Solund Verft.

Han trur det skuldast smitteeffekten av verdskrisa og at folk vert meir forsiktige.

– Det har vi sett før også. I dårlege tider bremsar ein det ein kan av planlagt vedlikehald. Men når det losnar, så losnar det fort, seier Eide.

Må importere arbeidskraft

Solund Verft utfører reparasjon, vedlikehald, ombygging og nybygg på båtar opp til ein viss storleik. Blant dei 40 tilsette ved verftet er det framleis flest nordmenn.

– Men vi har også importert arbeidskraft, både folk frå Polen, Sverige, Danmark og Island, seier Eide.

Solund Verft er ein av dei største arbeidsplassane i Sula.

– I tillegg til Solund Verft sine 40 personar, sysselset vi også åtte mann for Hafs Elektro. Det er vel berre kommuneadministrasjonen som er større, seier Eide.

Han er sjølv medeigar i verksemda, Wergeland Holding i Gulen er hovudaksjonær.

– Vi ser på moglegheita for å satse ytterlegare, seier Eide.

Meiner potensialet er stort

Bedrifta hadde underskot i 2013, men tala for 2014 syner rett farge. Eide er spent på året i år.

– Vi har hatt ein dårleg start, men det er nokon månadar att, så vi må berre stå på, seier Eide.

Ordførar Ole Gunnar Krakhellen (H) i Solund seier næringslivet på kysten har eit stort potensial. Men for å få utnytta dette, og snudd den negative folketalsutviklinga, trengst det tung satsing på betre kommunikasjon.

Ole Gunnar Krakhellen

MÅ SATSE: Solund-ordførar Ole Gunnar Krakhellen meiner det må satsast hardare på kysten.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

– Då trur eg utviklinga på kysten hadde skote fart. Vi har ikkje knytt kysten vår i hop. Vi har ikkje fått knytt i hop samanhengande bu- og arbeidsområde, og det betyr at vi blir ståande litt kvar for oss utan å kunne dra nytte av at vi er ein samla kyst, seier Krakhellen.

Han meiner det må ei samla satsing til for å få opp folketalet langs kysten, og seier kommunane må leggje til rette for vidare utvikling.

Han peikar på at det langs kysten er mange bedrifter som skapar store verdiar for det norske samfunnet.

Må ha meir, ikkje mindre

Eide ved Solund Verft kjenner godt på kroppen korleis det er å vere i ei utkant-bedrift.

– Ein blir litt skeptisk når ein høyrer at politikarane skal fjerne og kutte ned på det meste. Logistikk, transport av varer og folk fram til oss er ei utfordring, seier Eide.

Han peikar på at fylkeskommunen varslar kutt, og fryktar for at til dømes lasteruter forsvinn.

– Det kan vi ikkje leve med. Vi må heller ha betre tilbod enn kva vi har i dag. Vi toler ikkje kutt, seier Eide.