Hopp til innhold

Trur på full frikjenning

Advokat Torbjørn Kolås meiner ny kunnskap om årsaka til Sløvåg-eksplosjonen vil styrkje dei tiltalte si sak i lagmannsretten.

Vest Tank
Foto: Kåre Næss

- No ser han fram til rettssaka og trur på frifinning, seier Kolås om klienten Karl-Jan Erstad til Firda.

Økokrim meiner Erstad hadde ei leiande rolle i reinseforsøket, som førte til at fleire tankar med forureina avfall gjekk i lufta på Vest Tank sitt anlegg i Sløvåg i Gulen 24. mai 2007.

Tre involverte dømde til fengsel

I tingretten vart rådgjevar Erstad frå Fjaler dømd til fengsel i 45 dagar på vilkår.

Dagleg leiar i Vest Tank, Jostein Berland, og eigar og styreleiar Trond Emblem vart dømd til fengsel i eitt og eit halvt år utan vilkår.

LES OGSÅ:

- Visste ikkje om stoff i lasta

14. februar kjem ankesaka opp i Gulating lagmannsrett - og no trur advokat Kolås på full frifinning:

Ein tilleggsrapport frå konsulentselskapet Gexcon legg vekt på opplysningar som styrkjer forsvarets teori om at det oktanforsterkande stoffet MTBE var tilført bensinlastene som kom med Trafigura-skipa til Sløvåg hausten og våren 2006-2007, utan at Vest Tank-leiinga og rådgjevaren visste om det, skriv Firda.

- Den første rapporten var ein viktig del av grunnlaget for at min klient vart dømd. Dette er opplysningar og ein modifisert konklusjon, som styrkjer vår sak, seier Kolås til avisa.