Hopp til innhold

Trur på fem til sju medaljer til fylket

– Sogn og Fjordane kan få fem til sju medaljar i NM. Det meiner Narve Heggheim som er dagleg leiar i Norsk Friidrett i Sogn og Fjordane.

Narve Heggheim

OPTIMIST: Narve Heggheim er dagleg leiar i Norsk Friidrett i Sogn og Fjordane.

Foto: Gry Brekke Hustveit / NRK

Frå Sogn og Fjordane stiller det 17 deltakarar når Norgesmeisterskapen i friidrett i Haugesund startar fredag.

– Det er alltid vanskeleg å tippe meisterskapsmedaljar, men vi har ein del opplagde kandidatar så eg vil tippe at mellom fem og sju medaljar er realistisk å rekne med.

Blant medaljefavorittane frå fylket er gullvinnarane frå i fjor som Øyvind Strømmen Kjerpeset, Trude Raad, Marius Vedvik og Merete Helgheim.

– Dei er i toppsjiktet og vil nok kjempe om gullet alle fire. Men konkurransen for dei er nok tøffare enn den har vore tidlegare og det er meir breidde i toppen.

Har imponert før NM

– Steinar Kleppe har imponert i slegge no før NM. Han har i utgangspunktet trappa litt ned på grunn av studiar, man kan no absolutt seiast å ha fått ein ny vår.

Kleppe har i vår sett ny personleg rekord og vore stabil over 60 meter.

– Han har kasta 63.31, og jaktar no veldig på Over Farsund sin gamle krinsrekord frå 1980 som er på 64.20.

Veteranen i diskos Elin Isane har i år kasta lenger enn på mange år, og kampen mellom ho og Grete Etholm er meir open enn den har vore tidlegare

– Med maks klaff for Elin så kan ho vere med å kjempe om gullet i år.

17 kvalifiserte

– Det er 17 utøvarar frå fylket som er kvalifiserte til ein seniormeisterskap, og det er mykje samanlikna med det vi har hatt tidlegare.

Sjølv ferierer Heggheim for tida i Trøndelag og får ikkje vore til stades på NM.

– Det er litt uvant å ikkje vere til stades, men eg kjem til å halde meg oppdatert på det som skjer. Det kan du vere trygg på.