Hopp til innhold

Trur på ei presis kreftbehandling utan biverknadar

Forskarar har utvikla eit verktøy som lettare kan finne dei cellene som gir opphav til sjukdom. Dette vil vere nyttig både når det gjeld diagnostikk og når det gjeld behandling av kreft og fleire ulike autoimmune sjukdomar i framtida.

Geir Åge Løset utanfor Forskningsparken

Forskar Geir Åge Løset utanfor Forskningsparken i Oslo.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Vi møter Geir Åge Løset på Forskningsparken i Oslo. Han er fagmann på sin hals og snakkar med stor iver om forskinga si. Firmaet hans, Nextera, har saman med blant anna Senter for Immunregulering ved Universitet i Oslo i mange år jobba med å forstå korleis T-cellene i immunforsvaret fungerer. Klarer ein det kan ein finne ut kvar i immunforsvaret det sviktar når folk blir sjuke og slik gi ei mykje meir målretta behandling. Løset er ein av dei leiande forskarane innan feltet og meiner Phagemeren, som han har utvikla, er eit unikt verktøy for å forstå T-cellene.

– Phagemeren er ein genmanipulert viruspartikkel. Vi tek delar av immunforsvaret ut av kroppen til menneske eller dyr og fusjonerer dei med viruspartiklar. Dette kan vi då, enkelt forklart, bruke til å finne ut kvifor ein del av immunforsvaret reagerer med ei bestemt T-celle, seier Løset.

Meir presise diagnoser

Immuncelle

Sånn ser ei sunn T-celle ut. Klarer ein å finne dei som ikkje fungerer optimalt kan ein gi meir målretta behandling.

Foto: NIAID, CC

Han trur at bruk og utvikling av Phagemeren vil gjere ein vesentleg forskjell når det gjeld måten vi skildrar og behandlar sjukdom på i tida som kjem. På kort sikt er dette nyttig for å få ei meir preisis diagnostisering av sjukdom. Det vil gi grunnlag for meir målretta og effektiv bruk av eksisterande behandlingsformer. På lang sikt har Løset store ambisjonar.

– Vi veit at dagens behandling innan ei rekke sjukdomar er for dårleg. Derfor er vår ambisjon å utvikle heilt ny og sjukdoms-spesifikk behandling som rett og slett kan kurere folk samstundes med at ein reduserer biverknadar, seier Løset entusiastisk.

LES OGSÅ: «Norsk» kreftforskning kan gi håp for flere

LES OGSÅ: Stort gjennombrudd innen kreftforskning: – Dette er spektakulært

Forskning med stor risiko

Det tek tid å utvikle nye behandlingsformer. Geir Åge Løset har jobba i ti år. Ofte utan å vite om det kjem noko ut av det arbeidet han gjer.

– Eg synest det er inspirerande å vite at det eg jobbar med er skikkeleg vanskeleg.

– Du er ikkje redd for å sitte og forske i fleire år utan å kome nokon veg?

– Jau, det er eg. Men det er også tvingande nødvendig å satse tid og krefter utan å vite kva du får igjen vist du skal utvikle noko nytt. Det er berre å krumme nakken og stå på lenge etter at andre ville ha gitt opp. Først då kan du få resultat, seier forskaren innbite.

Samarbeider med verdas største legemiddelselskap

No er ikkje Løset åleine om å vere optimistisk. Det vesle firmaet hans, Nextera, har nemleg inngått eit samarbeid med verdas største legemiddelselskap, Johnson & Johnson, og det meiner han er avgjerande for å kunne nå ut med ny forsking.

– Det krevst eit stor maskineri for å nå ut med forskinga vår. Det at vi no samarbeider med Johnson & Johnson gjer at våre metodar for diagnostisering truleg vil kome til nytte for somme pasientar som har den alvorlegaste forma for leddgikt, revmatoid artritt, innan få år, seier Løset.

LES OGSÅ: Norsk forskning forandrer leddgiktbehandling

LES OGSÅ: Mysteriet ME