Hopp til innhold

Alt ligg til rette for bompengar

Ordførar Olve Grotle (H) trur ein søknad om bompengeløysing i Førde vil kunne gå til Stortinget på nyåret 2014.

Olve Grotle

GLER SEG: Ordførar Olve Grotle har no stor tru på at det blir ei realisering av Førdepakken. Her frå den løysinga ein ser føre seg på Bruland.

Foto: NRK / Statens Vegvesen

I dag vedtok samferdsleutvalet i fylkeskommunen at dei prinsipielt støttar tankane og planane om ei omfattande utbygging av vegnettet i og rundt Førde.

– Eg er veldig glad for at fylkeskommunen no har gjeve si prinsipielle tilslutning til Førdepakken. Så er det slik at fylkeskommunen på eit seinare tidspunkt skal bestemme om ein skal vere med i dette spleiselaget og kor mykje ein skal vere med på, seier Grotle til NRK.

Det meste ligg no til rette for at det vert ei finansiering av prosjektet, der bompengar skal stå for ein vesentleg del av inntekta i prosjektet. Planen er å setje opp i alt fem bomstasjonar rundt byen.

– Alle må stille opp

– Eg har forventningar og krav til at fylkeskommunen er med på dette viktige arbeidet som pågår i Førde. Det som er saken er at Førdepakken har både statlege, fylkeskommunale og kommunale vegar i seg. Så her må alle stille opp, sler Grotle fast.

– Men det er jo ein veg fram enda før dette er på plass?

– Dei har jo ikkje gjort det endelege vedtaket om at dei skal vere med, og heller ikkje med kor mykje. Men vi har forventningar om at det skjer.

Trur på nyåret

– Når trur du ein slik bompengering kan bli ein realitet?

– Det er jo litt vanskeleg å seie. Fylkestinget skal gjere vedtak i desember i samband med regional transportplan. Parallelt med dette så blir det jo arbeida med å realisere Førdepakken som eit spleiselag. Dersom alt går på skinner, så kan ein sjå føre seg at det blir sendt ein søknad til Stortinget ut på nyåret.

Fem bomstasjonar

Dersom Stortinget til sjuande og sist vedtek at Førdepakken kan finansierast med bompengar, ser forkjemparane for Førdepakken føre seg følgjande bompengestasjonar:

  • E39 vest for rundkøyringa mot Rv 5
  • Rv 5 Øyrane mot Kletten
  • E39 ved Kronborg
  • Rv 484 Vievegen
  • Angedalsvegen