Hopp til innhold

Ordførar: – Gruvesatsing kan gi 400 nye arbeidsplassar

Dei omstridde gruveplanane ved Vevring i Naustdal kan gi 400 nye arbeisplassar.

Engebøfjellet i Naustdal/ordførar Håkon Myrvang

NYE ARBEIDSPLASSAR: Ordførar Håkon Myrvang trur gruveprosjektet på Engebø kan gi 400 arbeidsplassar.

Foto: NRK/Nordic Mining

Ordførar Håkon Myrvang (Ap) i Naustdal kommune trur Nordic Mining sine gruveplanar i Engebøfjellet kan gi kommunen 400 nye arbeidsplassar. Det skriv Firda.

Omstridde planar

Planane om gruve i Engebøfjellet er omstridde fordi store mengder overskotsmasser frå gruva er planlagt dumpa i Førdefjorden.

Men gruva kan gi ein industrivekst langt utover dei 170 arbeidsplassane som Nordic Mining legg opp til, seier Myrvang til Firda.

– Vidareforedling og andre indirekte aktivitetar totalt kan føre til at gruveprosjektet kan gi 400 nye arbeidsplassar, sa Myrvang ifølgje avisa under eit formannskapsmøte denne veka.

I forhandlingar

Leiinga i Naustdal kommune forhandlar no med Nordic Mining om utbyggingsavtalen for det gigantiske prosjektet i fjellet på Engebø.

Både kommunen og fylkespolitikarane har sagt ja til gruveprosjektet.

Harald Kvame i Høgre understreka i møtet at det må vere realisme i krava som blir stilte. Ole Erik Thingnes frå SV, er sterk motstandar av fjorddeponi, og kan ikkje i sin villaste fantasi forstå at kommunen kan gå inn for fjorddeponi.

– Det er for mykje uvisse slik det ligg no, sa Thingnes ifølgje Firda.

fakkeltog i Vevring

STERK MOTSTAND: Planane om gruveutbygging har skapt mykje harme i Naustdal. Her frå ein demonstrasjon mot prosjektet.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK