NRK Meny

Trur over 100.000 tek denne i år

Over 100.000 personar kjem til å reise med gondolbana Loen Skylift i Stryn i løpet av året, det er forventninga til dagleg leiar Richard Grov. Berre sidan starten av mai og fram til no har over 21.000 personar følgd gondolbana opp til fjellet Hoven. I fjor enda dei på 92.000 gjester, medan målet for i år er 100.000 gjester. Grov kjenner seg trygg på at dei skal klare minst det.

Loen Skylift
Foto: Kjellrun Lavik / NRK