NRK Meny
Normal

Oljenedturen kan gå mot slutten

Både Nav og Statistisk sentralbyrå har byrja å augne slutten på den økonomiske nedturen oljekrisa har ført til. Det vil likevel gå ei stund før det snur.

Helikopter på Gjøa

OPPSEIINGAR: Fleire tusen tilsette er sagt opp og er permitterte på grunn av oljekrisa.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi trur at arbeidsløysa vil halde fram med å auke i år, men at vi går inn i ein moderat oppgangskonjunktur neste år. Dermed vil vi sjå ei forsiktig betring utover i 2017, seier seniorrådgjevar Johannes Sørbø i Nav til Dagbladet.

Johannes Sørbø er seniorrådgiver i NAV

OPTIMIST: Johannes Sørbø er seniorrådgjevar i NAV.

Foto: Eivind W. Skifjeld/NAV

Nav sine prognosar tek utgangspunkt i framleis nedgang i oljeinvesteringane i 2016. Den svake krona vil gje betre tider for meir tradisjonell industri, som vil auke sysselsettinga og investeringane.

– Låg rente vil føre til meir bygging av jernbane og bustader. Det vil framleis vere store geografiske skilnader, og i Rogaland kan det ta lengre tid før det snur. Men det verste er over i 2017, meiner Sørbø.

Også Torbjørn Eika i Statistisk sentralbyrå (SSB) trur ting kan snu raskt.

– Vi trur nedturen ikkje vil vare lenger enn til sommaren. då kjem det eit svært forsiktig omslag, og arbeidsløysa kan gå litt ned mot slutten av året, seier han.

Også Eika viser til at det er geografiske skilnader, og seier at dette illustrerer at biletet ikkje er heilt svart. (©NTB)

Vegopning på Bergum i Førde kommune