Hopp til innhold

Trur nynorskforslag vil øydeleggje Høgre-valkampen på Vestlandet

Sogn og Fjordane Høgre manar til kamp mot eit omstridd språkforslag i partiet. Sentrale politikarar i alle vestlandsfylka går no ut med kritikk av forslaget om å gi ungdomsskuleelevar lov til å velja vekk nynorsk.

Distad og tavle

VIL ENDRE FORMULERING: Gruppeleiar i Sogn og Fjordane Høgre, Noralv Distad, vil jobbe for å få ei anna formulering når saka kjem opp på landsmøtet i mai.

Foto: Scanpix NTB/Høgre

Gruppeleiar i Sogn og Fjordane Høgre, Noralv Distad. er klar på at dette ikkje er noko god valkampsak for partiet.

– Eg tykkjer det er uheldig, difor er det vår oppgåve å jobbe for at vi får ei anna formulering når landsmøtet gjer sitt endelege vedtak, seier gruppeleiar i Sogn og Fjordane Høgre, Noralv Distad.

Trur det svekkjer nynorsken

Høgrepolitikarar på heile Vestlandet samlar seg no i felles front mot eit omstridd språkforslag i partiet. Programkomiteen til Høgre vil nemleg at skuleelevar og byråkratar skal kunna velja vekk nynorsk.

Distad meiner dette vil svekkja nynorsk som likestilt skriftspråk med bokmål.

– Eg tykkjer det framleis må vere obligatorisk opplæring i nynorsk. Samtidig tykkjer eg også at ut ifrå vanleg folkeskikk bør det offentlege svare på same målføre som det dei får inn førespurnader på, seier Distad.

Svært dårleg timing

Slaget om nynorsken vil stå på Høgre sitt landsmøte i mai. Der vil fylkeslaget frå Sogn og Fjordane få støtte frå mange partifellar både i Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal.

Peder Sjo Slettebø er fylkestingsrepresentant i Hordaland og tidlegare sentralstyremedlem i Unge Høgre. Slettebø meiner nynorskforslaget vil øydeleggja for partiet i valkampen.

– Det er verdt å merkje seg at når Høgre er så store som vi er no, altså over 30 prosent på meiningsmålingane, så er historisk fordi det såkalla bunads-Høgre har hatt høg oppslutnad. Bunads-Høgre har sin base på Vestlandet, og difor er den type nynorskpolitikk som programkomiteen no legg opp til, veldig dårleg tima med tanke på kor høg oppslutnad vi har på Vestlandet, seier Sjo.

Likar dårleg valfridom

Han trur det får konsekvensar for valkampen.

– Det er ikkje tvil om at det på store delar av Vestlandet vil bli vanskelegare å driva valkamp for eit sårt tiltrengt regjeringsskifte når me må forsvara denne type nynorskpolitikk, seier Slettebø.

I Ivar Aasen og Arne Garborg sine heimfylke, Møre og Romsdal og Rogaland, blir det òg murra på grasrota. Nestleiar i Møre og Romsdal Høgre, Monica Molvær, likar dårleg at nynorsk kan bli valfritt som sidemål på ungdomsskulen.

– Eg er oppteken av at elevar skal kunne beherske begge målformene, og kunne dei på ein god måte, slik at når ein møter dei ute i arbeidslivet seinare, så skal ein både kunne lese det, forstå det, og bruke det på ein god måte, seier Molvær.

Meiner det ikkje har fungert til no

Bent Høie har leia programkomiteen i Høgre. Han er ikkje skremd av at vestlandshøgre reiser bust.

Bent Høie (Høyre)

IKKJE SAMD: Bent Høie, som har leia programkomiteen i Høgre, er ikkje samd i synet til Vestlands-Høgre.

Foto: Aas, Erlend, Erlend Aas / Scanpix

Han er usamd i at forslaget vil skremma veljarar vekk frå Høgre.

– Eg meiner at den språkpolitikken som er ført til no har bevist at han ikkje fungerer, og at det er trong for nye og betre løysingar, seier Høie.

– Fylkeslaga på Vestlandet meiner at dette vil bli ei dårleg valkampsak for Høgre. Kva meiner du om det?

– Eg meiner det er feil. Eg meiner det er ei riktig sak å gå til val på og heller oppmode til eit positivt syn på eit mangfald i målformer i staden for den type tvang og reglar, som vi meiner erfaring syner ikkje fungerer, seier Høie.