Hopp til innhold

Trur nye tider kan gje kraftig Kina-opptur

FLORØ (NRK): I november i fjor tok Kina berre inn 2500 tonn laks frå Noreg. Med eit betra forhold mellom landa trur lakseprodusentar på økonomisk oppgang.

Per Vidar Ottesen og Ingrid Kassen

KINA-OPTIMISTAR: Per Vidar Ottesen og Ingrid Kassen i Norwell er blant dei som trur på at tøvêret med Kina vil gje kraftig opptur for laksenæringa.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Dess fleire som kan kjøpe norsk laks, dess høgare vil prisen bli. Innteninga til norske produsentar og havgåande fiskeflåte vil bli høgare om Kina blir opna, seier driftsdirektør i Norwell, Per Vidar Ottesen.

Lakseeksportøren er ein av dei som gler seg over at Noreg og Kina igjen er på talefot, etter floken som kom etter fredsprisutdelinga i 2010. I dag er prisane på norsk laks rekordhøge, men Ottesen trur ikkje sal til Kina vil føre til vidare prisauke.

Per Vidar Ottesen

MEIR LAKS: – Vi forventar ein auke på x-antal tusen tonn, seier Per Vidar Ottesen i Norwell. Han legg ikkje skjul på at innpass i den kinesiske marknaden er særs viktig.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Eg trur det blir meir føreseielegheit og at vi vil selje meir laks til Kina. Vi må ikkje gløyme at Kina også tek inn laks frå andre land, og at det er eit luksusprodukt der. Vi sel fisk til Kina i dag, og vi møter motstand på pris, utdjupar Ottesen.

Næringa vil satse på ny teknologi

Totalt vart det eksportert laks til utlandet for kring 90 milliardar kroner i 2016. Den internasjonale marknaden nærast skrik etter norsk fisk og sjømat. Regjeringa har sett som mål at lakseproduksjonen skal femdoblast fram mot 2050. Det let seg ikkje gjere i ei handvending, skal ein tru direktøren i Norwell, Ingrid kassen.

– Det ligg mange søknadar om lisensar om bruk av ny teknologi på regjeringa sitt bord. Det er ikkje mogleg å utvide produksjonen med dagens teknologi, men potensialet er enormt, seier ho.

Per Sandberg, fiskeriminister (FrP)

OPTIMIST: Fiskeriminister Per Sandberg torer ikkje talfeste kor mange arbeidsplassar eller kor mykje eksporten vil auke når Kina opnar opp for Noreg.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Kraftig nedgang frå 2010

I regjeringa er ein tydlege på at norsk laks har eit stort vekstpotensial i utlandet. Før 2010 var Kina ein stor marknad for norsk laks.

Tala frå november 2016 synte ein nedgang på 77 prosent samanlikna med 2010. Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) seier på si side at det er opp til næringa sjølve å ta grep for å sikre seg innpass på den kinesiske marknaden.

– Tala fortel kva potensial som ligg i Kina som eksportmarknad. Det er næringa som må ta kontakt og lage kvalitetsprodukt som konkurrerer med andre på den kinesiske marknaden, seier Sandberg.