Hopp til innhold

Trur ny storkommune vil gje byggjeboom

NAUSTDAL (NRK): I dag vedtek Naustdal etter alle solemerke å gå inn i den nye storkommunen i Sunnfjord. I same møtet vedtek dei at det kan leggjast ut minst 50 nye bustadtomter.

Håkon Myrvang, ordførar i Naustdal

TRUR PÅ FLEIRTAL: Ordførar Håkon Myrvang (Ap) er overtydd om at kommunestyret i dag seier ja til å bli ein del av storkommunen i Sunnfjord.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ordførar Håkon Myrvang frå Arbeidarpartiet er overtydd om at ja til samanslåing vil gjere Naustdal langt meir attraktivt som buområde i åra framover.

– Vi ønskjer å halde fram den utviklinga, slik at vi får vår del av folkeveksten i den nye storkommunen. Det er viktig at dei andre kommunane også legg til rette for den same veksten. Det som er hensikta no er at vi skal få ein gevinst til våre innbyggjarar. Då må vi jobbe godt i lag og få vekst både i Gaular, Jølster, Førde og Naustdal, seier Myrvang til NRK.

I dag vedtek Naustdal kommunestyre truleg samanslåing med Førde, Gaular og Jølster. I same møtet handsamar dei saka om å leggje ut minst 50 nye bustadtomter.

Folkevekstvinnar i Sunnfjord

Sjølv senterpartipolitikaren Erlend Herstad meiner no at samanslåing er det som skal til for å skape ein byggjeboom i bygda.

– Vi har attraktive tomter som kan realiserast, og med ei god løysing for riksveg 5 i framtida, så vil desse også liggje nærare Førde enn dei gjer i dag. Eg tenkjer at vi kjem til å ha gode moglegheiter for å halde fram med å byggje Naustdal som bu- og oppvekstområde i ein ny Sunnfjord-kommune, slår Herstad fast.

Ordførar Håkon Myrvang er i alle fall heilt overtydd om at Naustdal vil få ein sentral plass i den nye storkommunen.

– Vi har vore folkevekstvinnaren i både i 2013 og 2015, vi har fått på plass mange arbeidsplassar, vi har fornya barnehagar og skulen, og vi har fått nye idrettsanlegg på plass.

Stort fleirtal for storkommune

Innbyggjarundersøkinga i Naustdal synte at 63 % av dei spurte ynskjer samanslåing med Førde, Gaular og Jølster.

Ingen av partia vil binde sine representantar til å seie ja eller nei i kommunestyremøtet torsdag. Men alt ligg til rette for eit samrøystes vedtak, trur ordførar Håkon Myrvang frå Arbeidarpartiet.

– Folk må få lov å røyste først, men for meg ser ut for at dette blir ei enkel sak for kommunestyret torsdag, seier ordføraren.