NRK Meny
Normal

Trur likevel på naudnett i Høyangertunnelen

Naudnett i Høyangertunnelen kan bli rimelegare enn venta og no har politikarane fått tilbake trua på ei løysing.

Høyangertunnelen

NY OPTIMISME: Å få naudnett i Høyangertunnelen kan bli rimelegare enn dei 50 millionane ein først opererte med.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Petter Sortland

FORNYA OPTIMIST: Ordføraren i Høyanger, Petter Sortland (Ap), har lenge vore ein forkjempar for naudnett i Høyangertunnelen. No kan det sjå ut til at han får viljen sin.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Trass i fleire farlege tunnelbrannar siste åra, planlegg fylkeskommunen å ruste opp Høyangertunnelen utan naudnett. Både brannvesen og politi har reagert kraftig på at politikarane ikkje vil bla opp dei 50 millionar kronene det er berekna å koste.

Men no tyder mykje på at prislappen kan bli vesentleg lågare. Det får ordførar i Høyanger Petter Sortland til å fatte håp om sikring.

– Eg håpar og trur det. Dette bør gjennomførast no, seier han.

Fylkestinget har vedteke å ruste opp Høyangertunnelen for 170 millionar kroner. Men tunnelen blir utan naudnett og mottak for DAB-radio.

BLIR RUSTA OPP: Sjå TV-saka frå i fjor, då fylkespolitikarane hadde vedteke å ruste opp tunnelen. Også då var naudnett eit tema.

Blir rimelegare enn venta

Ei brannøving i tunnelen i starten av månaden avslørte kor krevjande redningsarbeid i tunnelen kan bli utan samband. Brannsjef i Høyanger Olav Nordgulen og Per Rimmen frå politiet gjekk hardt ut til NRK i førre veke.

No seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen at naudnett kan bli vesentleg rimelegare enn 50 millionar kroner.

Svenn Egil Finden

KAN BLI RIMELEGARE: Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen seier naudnett kan bli vesentleg rimelegare enn 50 millionar kroner

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– 50 millionar inneheld meir enn berre naudnett, men vi har ikkje isolert ut akkurat kostnaden på det, seier han.

Etter det NRK forstår kan prisen vere ned mot mellom 10 og 20 millionar kroner. I tillegg har anboda alt starta å kome inn på den vedtekne oppgraderinga til 170 millionar, og så langt ser utbygginga til å kome innanfor budsjettet.

– Innstilt på å prøve

Ordførar Petter Sortland har no trua på å få naudnett i den 7,5 kilometer lange tunnelen.

– For oss er dette ei veldig viktig sak, seier han.

Leiar i samferdsleutvalet til fylkeskommunen Arnstein Menes frå Sp varsla alt i førre veke at utvalet vil handsame saka på nytt, no er han styrka i trua på at ting kan ordne seg.

– Eg er innstilt på at vi skal prøve å få det til. Så får vi sjå om det går an å finne nok midlar for å løyse dette, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.