NRK Meny
Normal

Trur kraftpengane lokkar meir enn tidsfristar

Seks sognekommunar er samde om å ha klar ein intensjonsavtale om storkommune innan 1. februar. Det er fire dagar før aurlendingane skal finne ut om dei vil vere med.

Aurland Kommunehus

KJENNER SEG ATTRAKTIVE: Aurland med sine kraftmillionar vil vere interessant for ein kvar kommune, trur ordføraren.

Foto: Merete Høidal / NRK

– Eg vil sjå den kommunen som seier at det no er for seint, seier Aurland-ordførar Noralv Distad (H).

Etter to dagar med møte på Årdalstangen vart kommunane i Sogn regionråd samde om at no må ting skje, skriv Sogn Avis laurdag. Kommunane påla seg sjølve ein tidsfrist til 1. februar til å ha klar ein intensjonsavtale om ein ny storkommune i Indre Sogn: Sogn kommune.

Men det er ein tidsfrist Aurland ikkje kan vere med på.

Viss Aurland kommune melder si interesse for å innleie forhandlingar, vil eg tru ein kvar kommune i Sogn vil sjå på det som interessant.

Noralv Distad, ordførar i Aurland (H)

Forhandlingar utan Aurland til bords

– Aurland kommunestyre har sagt at vi treng noko meir tid for å sjå på dei ulike alternativa, forklarer ordførar Distad overfor NRK.

Noralv Distad Høgre fylkestinget

VIL HA MEIR TID: Aurland-ordførar Noralv Distad blir ikkje med når naboane set seg til forhandlingsbordet. Men han ser ikkje bort frå at dei kjem etter.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Først 4. februar skal dei folkevalde gi Distad mandat til kven han eventuelt skal skrive intensjonsavtale med. Altså fire dagar etter at avtalen og premissane for den nye, tenkte, sognekommunen skal vere på plass.

– No leikar vi ikkje butikk lenger. Tida er inne for reelle tingingar, fastlår regionrådsleiar og Balestrand-ordførar Harald Offerdal (Ap) til Sogn Avis.

Sogningane har ikkje forhasta seg i storkommunedrøftingane. Til samanlikning skreiv kommunane rundt Førde intensjonsavtale alt i fjor haust.

I Sogn vil forhandlingane gå sin gang utan at Aurland sit til bords og får påverke. Heller ikkje regionrådsmedlemmene Luster og Høyanger er med. Dei har valt å ikkje delta. Aurland som derimot eigentleg er med, blir no parkert, skriv lokalavisa.

Vil ha folkemøte først

Heime på Aurlandsvangen er Noralv Distad slett ikkje uroa.

– Vi er ikkje redde for at for at vår posisjon er svekt. Viss Aurland kommune melder si interesse for å innleie forhandlingar, vil eg tru ein kvar kommune i Sogn vil sjå på det som interessant. Aurland er ein kommune med sterke inntekter, som også er interessant for dei andre kommunane.

Høgre-ordføraren, som har vore ein av dei mest lunkne til sitt eige parti sin kongstanke om storkommunar, er klar på at aurlandingane framleis har tre alternativ. Alternativ som dei vil ha tid til å vurdere.

– Vi har fått ei utgreiing om samarbeid i Sogn, vi har fått ei utgreiing om samarbeid med Vik og Voss. Den 20. denne månaden får vi også utgreiinga om korleis det vil vere å halde fram som eigen kommune. Det er eit alternativ som står veldig sterkt i Aurland.

Først når den siste utgreiinga er på plass og grundig drøfta, og ein har halde folkemøte med innbyggjarane, vil dei folkevalde ta stilling til kva alternativ ein skal gå vidare med.

– Då skal kommunestyret den 4. februar sjå på korleis vi tek saka vidare, seier Distad.

Men Vik er med

Olav Turvoll - ordførar i Vik

SET SEG TIL BORDS: Vik-ordførar Olav Turvoll (Sp) blir med når sognekommunane skal skrive forme ut sin intensjonsavtale for storkommune.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Lenge har det sett ut som Vik, Voss og Aurland ville finne saman. Etter regionrådsmøtet i Årdal er det klart at Vik, i motsetnad til Aurland tek sikte på å rekkje sognefristen 1. februar.

– Det er ein god tone, konstaterer Vik-ordførar Olav Turvoll til NRK.

Han vil ikkje meine for mykje etter møte med naboane i Sogn, og strekar under at vossatoget på ingen måte har forlate perrongen.

– Vi er ikkje i gang med forhandlingane med Voss og Aurland, men vi skal ha eit felles formannskapsmøte den 25. januar med begge kommunane. Så vi satsar å komme i mål også med dei.

Også Vik vurderer framleis å stå åleine, påpeiker Turvoll.

I Aurland ventar Noralv Distad spent på rapporten frå Telemarksforsking om kva det vil seie å eventuelt halde fram åleine.

– Ting som tyder på at det er realistisk for Aurland å stå åleine. Vi har inntektene, og vi vil uansett ligge langt frå eit nytt kommunesenter. Det er viktig at både politikarar og innbyggjarar i Aurland får sjå alternativa. Til sjuande og sist skal vi ha ei folkeavrøysting.

Vegopning på Bergum i Førde kommune