Hopp til innhold

Trur kommunereforma endar i mageplask

– Om kommunereforma blir gjennomført slik opplegget er tenkt no, vil resultatet bli ei gigantisk inntektsoverføring frå distrikt til storbyar og folketette strok, seier ordførarkandidat i Hyllestad, Harry Mowatt (Ap).

Harry Mowatt

KRITISK: Harry Mowatt er kritisk til måten kommunereforma er lagt opp på. Han ønskjer nye og breiare utgreiingar.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Mowatt trur difor at heile kommunereforma vil ende i eit mageplask, skriv han i ein kronikk.

Dersom det endar opp med seks kommunar i Sogn og Fjordane vil kommunane bli tappa for opp mot 300 millionar kroner når dei faste tilskota blir trappa ned over ein femårsperiode etter 2015, hevdar Mowatt.

– Rein spekulasjon

Bjørn Lødemel

AVVISER PÅSTANDANE: Kommunane vil ikkje tape pengar, seier stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Dersom dei pengane blir lagde inn i inntektssystemet så fungerer systemet slik at midlane stort sett hamnar i sentrale strok og i store byar. Og det er klart at om ein løftar ut eit par hundre millionar kroner frå Sogn og Fjordane så får det verknad på både folkesetnad og den måten kommunane kan drive på. Dei har ikkje nokon anna måte å dekke inn dette gapet på enn å sentralisere for å drive billigare, seier han.

– Det er rein spekulasjon og det er ein talmargin som eg ikkje kan stå bak i det heile teke, seier stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel.

Han viser til at Stortinget skal vedta eit nytt inntektssystem for kommunane i 2017 og meiner at fram til dette blir vedteke så Mowatt sine påstandar berre spekulasjon.

– Det er klart at dei pengane som går til dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane, dei vil bli igjen der sjølv om det eventuelt skulle bli større kommunar. Å påstå at regjeringa gjennomfører reforma for å sentralisere og tappa distrikta for pengar, det vil eg tilbakeviste fullstendig, seier Lødemel.

Vil utsetje kommunereforma

Mowatt meiner det er heilt naudsynt med ei ny og langt meir omfattande utgreiing av kommunesamanslåing. Han vil ha ei skikkeleg gjennomgang av kommunesektoren med alle dei endringane som har skjedd dei siste ti åra.

– Det ein burde hatt var ein breitt samansett komite som gjekk gjennom endringar sidan 1960-åra, som såg på inntektssystem og oppgåvefordeling, og som deretter kunne kome fram med mykje ny kunnskap som ein kunne bruke på ei stortingsmelding. Det ville vere ein seriøs måte å gjere det på, seier Ap-politikaren.

Han meiner dei ekspertutvala som allereie har sett på konsekvensar av kommunesamanslåing berre har sett på enkelte delar av det.

– Eg har også inntrykk av at dei kanskje også har lagt mykje verdival i botnen, seier han.

Lødemel er ikkje positiv til å utsetje kommunereforma.

– Det toget som går no er godt på skjener. Om det ikkje skjer noko med ei kommunereform i denne omgang, så blir det nok mykje sterkare lut ved eit seinare høve når vi veit at det er eit så stort fleirtal på Stortinget som ønskjer ei reform, seier han.