NRK Meny

Trur Johannes kan gje opp håpet om siger i verdscupen

Johannes Thingnes Bø er sjuk og må reise heim frå Oberhof. Dermed ryk heile verdscupveka for stryningen, og kanskje vinnarsjansane hans i verdscupen også.

Bø

HAR GJORT DET BRA: Johannes Thingnes har gjort det veldig bra så langt i sesongen, og ligg for tida på andreplass i verdscupen.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– For Johannes betyr det at sjansen til å kjempe mot Foucarde i verdscupen no ryk. Det er veldig synd for Johannes, seier NRK sin ekspertkommentator Ola Lunde.

Thingnes Bø er for tida nummer to i verdscupen, med franske Martin Foucarde framføre seg på førsteplass. Hadde Bø vore frisk kunne det blitt spennande, men no trur Lunde at sigeren går til Foucarde.

– Foucarde er i kjempeform om dagen, så dette blir nok i praksis umogleg for Johannes, trur ekspertkommentatoren.

Les også: Tarjei Bø sjuk igjen

Ola Lunde

SYND: Ola Lunde tykkjer det er veldig synd at Johannes Thingnes Bø har vorte sjuk

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Har hatt influensasymptomer

Du har prata med Johannes, kva er det som feiler han?

– Han har faktisk hatt litt influensasymptomer, og vore ganske kraftig forkjølt, så han har reist rett heim att. Legen meinte at det var mest fornuftig å kome seg heim og halde seg i ro, så kan han kanskje bli frisk att så fort som mogleg.

Johannes Thingnes Bø

HAR REIST HEIM FOR Å KVILE: Johannes Thingnes Bø har reist heim att for å kvile og forsøke å bli frisk.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Johannes Thingnes Bø har gått mange gode løp, og har sett ut til å vere i veldig god i form så langt denne sesongen. Lunde tykkjer det gjer det heile endå meir irriterande.

– Det er ein heilt annan Johannes vi har sett så langt, enn den vi såg førre sesong. Han har gått heilt strålande, så det er veldig synd at han skulle bli sjuk no, seier Lunde.

Sesongen kanskje øydelagd for Tarjei

For storebror Bø ser det endå verre ut. Tarjei har slite med sjukdom i svært lang tid no, og i år kan det etter kvart sjå svart ut for heile sesongen.

Bø

VAR I KJEMPEFORM: Tarjei Bø var i veldig god form før han vart sjuk, seier ekspertkommentator Ola Lunde.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Han begynner å få veldig lite tid, og det er vanskeleg å sjå at han skal få gått noko særleg verdscuprenn før VM. Han er i ein veldig vanskeleg situasjon no.

Men Tarjei har synt tidlegare at han kan kunsten å kome tilbake?

– Ja, han er faktisk ein spesialist på akkurat det. Han gjorde det mellom anna til VM i 2013 då han vann fellesstarten der. Han var i veldig god form før han vart sjuk no, så eg trur nesten han blir teken ut til VM uansett om han er frisk.

13 menneske vart sendt til sjukehus med røykskadar etter brannen i Fjærlandstunnelen måndag.
For å forstå flyktningar betre, budde Katrine Sele tre år på eit asylmottak. No er erfaringane blitt bok.
I Vågsøy er naboar til badestrendene sinte fordi dei meiner at taretråling har ført til at strendene er full av tare.