Hopp til innhold

Trur innbrotstjuvane framleis er i Førde - ber folk vere på vakt

Politiet har grunn til å tru at dei to personane som braut seg inn på Coop Vassenden og Biltema i Førde i natt, framleis er i Førde. Lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde, ber folk hugse å låse bilen.

Lensmannen ber folk følgje med

PASS PÅ: Lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde, ber folk vere på vakt, og ikkje gå frå bilen med nøklane i.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Vi har fått melding om at det er stole to syklar i Hafstadhagen i Førde, i løpet av natta. Det passar godt i og med at det var to gjerningspersonar som var i bilen som vart forlaten i Hafstadbakken. Vi ser det som sannsynleg at det er dei som har teke syklane, fortel lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde.

Sidan tjuvane no er til fots, trur politiet dei vil vere på jakt etter eit nytt køyretøy, anten for å komme seg herifrå, eller for å gjere nye brekk.

– Viss det ikkje allereie er stole ein bil frå Førde-området, som vi ikkje veit om, så er eg redd for at det vil bli stole ein bil. Eg ber folk vere ekstra merksame på folk som går og snokar, seier Tvinde.

Han peikar spesielt på at folk må vere nøye med å låse bilane når dei går ifrå dei, sjølv om det er i garasjen, og at dei tek med seg nøklane frå bilen.

– Eg veit det ikkje er alle som gjer det. Desse personane her likar å få tak i nøkkelkøyrde bilar. Så ver observante, seier Tvinde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Created by InfoDispatcher

TIL SKOGS: BMWen vart funnen i enden av ein skogsveg i Førde, med eine hjulet i lause lufta. Foto: Tone Merete Lillesvangstu

Turgåar oppdaga bil

Mellom klokka 00.55 og 02.00 vart det gjort innbrot i Coop-butikken på Vassenden i Jølster og på Biltema i Førde. I Førde tok tjuvane seg inn ved å fjerne ei vindaugsrute i Biltema-bygget. Dei tok seg vidare inn overalt i butikken ved å bryte opp innerdører med brekkjarn.

Politiet gjekk tidleg ut og ønskte informasjon om ein gråleg BMW, truleg av typen X3, då den var sett på begge åstadane.

Om lag klokka 11.30 oppdaga ein turgåar ein liknande bil heilt i enden av skogsvegen i Hafstadbakken, like over næringsområdet på Sanderplassen i Førde.

Viss det ikkje allereie er stole ein bil frå Førde-området, så er eg redd for at det vil bli stole ein bil ganske snart. Eg ber folk vere ekstra merksame på folk som går og snokar.

Lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde

Bilen var køyrt så langt det var mogleg å køyre på skogsvegen, og stod med eitt hjul i lause lufta. Inne i bilen fann politiet eit brekkjarn, som tjuvane truleg nytta i innbrota i natt.

Politiet har funne spor som tyder på at dei to tjuvane har teke seg ned til Førde sentrum gjennom skogen, og dermed komme ned nesten ved Førde lensmannskontor.

Like ved ligg bustadfeltet Hafstadhagen, og det er her syklane er stolne. No ber Tvinde folk vere ekstra observante, då politiet har grunn til å tru at gjerningspersonane framleis oppheld seg i Førde.

(Artikkelen held fram under biletet)

La at brekkjarn i ransbilen

LA ATT: Bilen som truleg vart nytta i innbrota, vart funnen forlatt på ein skogsveg i Førde. I passasjersetet låg eit brekkjarn.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Vart truleg stolen frå verkstad

Politiet er relativt sikre på at BMWen som vart funnen på ein skogsveg i Førde, er ein bil som er meld stolen i Bergen.

– Vi har grunn til å tru at denne bilen truleg er den same som vart meld stolen frå ein verkstad i Hordaland-området, seier Tvinde.

Politiet har difor informert mange bilverkstadar i Førde-området om situasjonen, og bedd dei ta forholdsreglar for å unngå at noko liknande kan skje her.

– Vi prøver å varsle både folk og verkstadar gjennom media, slik at vi får jungeltelegrafen til å gå, seier Tvinde.

Politiet har sikra åstadane både på Vassenden og i Førde, og bilen som vart funnen, er teken hand om slik at han kan undersøkjast grundig.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fann stolen bil

TO INNBROT: Etter å ha brote seg inn på Coop på Vassenden, trur politiet tjuvane nytta denne bilen for å ta seg til Biltema i Førde. Etter innbrota forlet dei bilen her, opplyser politibetjent Bjarne Brudevoll ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Har herja i Hordaland

Tvinde trur det er stor sjanse for at gjerningspersonane vil bli tekne. Det er nemleg ikkje berre i Sunnfjord dei har vore på tokt.

– Vi ser det som sannsynleg at dei same to personane har brote seg inn fleire stadar også i Hordaland, utan at dei har vorte tekne. Vi har tett samarbeid med politiet i Hordaland på denne saka, seier Tvinde, som trur politiet har gode kort på handa for å løyse saka.

– Eg har rimeleg god tru på at vi skal klare å oppklare dette, men det vil nok ta litt tid. Vi må gjere grundig undersøking av bilen og bruke rette folka på det, seier Tvinde.

Han ber folk følgje med dei næraste dagane, spesielt på kvelds- og nattetid. Dersom nokon ser noko som verkar mistenkjeleg, må dei ta kontakt med politiet.

– Ring 02800 og gje beskjed, seier Tvinde.