Hopp til innhold

Trur ikkje Sogndal blir kasteball

Peter Orry Larsen meiner det bør vere eit overkommeleg mål for Sogndal å berge plassen i eliteserien.

Espen Olsen i fint driv med ballen.

KAN BLI BRA: Peter Orry Larsen trur ikkje Espen Olsen og Sogndal, her frå eit tidlegare møte med Aalesund, blir noko kasteball i årets eliteserie i fotball.

Foto: Oddleif Løset

Fredag såg Orry Larsen laget sitt tape 2-4 for dei nyopprykka sogndølene. Sjølv fekk nordfjordingen kring timen på bana for Aalesund.

Då var kampen allereie avgjort.

- Dei har tatt mange steg i rett retning sidan sist vi spelte mot dei. Det var i det heile vanskelegare å spele mot dei. Enkelt og greitt. Er målet å halde seg i divisjonen, så trur eg det vil vere overkommeleg, seier 21-åringen.

Fekk blod på tann

Peter Orry Larsen

HAR TRUA: Peter Orry Larsen meiner Sogndal bør klare å halde seg i divisjonen.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

Cupmeistrane frå 2009 gjorde det heller ikkje lettare for seg sjølve då personlege feil gav Sogndal to lettkjøpte mål og 2-1-leiing.

Afk-keeper Sten Grytebust scora sjølvmål, medan Barry Kader, Espen Olsen og Gustav Valsvik scora dei siste måla for Sogndal.

- Det første ved sjølvmål, og det andre så godt som sjølvmål. Det var mykje rusk. Vi gir dei flesteparten av måla og på 2-1 får dei blod på tann og gjer det vanskeleg for oss, seier Orry Larsen.

- To bauta

Sogndal har i vinter sendt keeper Piotr Leciejewski og forsvarsklippa Lars Grorud til Brann. Motsatt veg har Kenneth Udjus, Cato Hansen og Eirik Bakke kome.

Mot Aalesund var det Even Hovland og Gustav Valsvik som utgjorde midtstopparparet.

- Dei hadde to bauta baki der. Samstundes kjenner eg jo godt til Cato, han er ein god spelar. Barry Kader var også god og Eirik Bakke viste at han vil bli kjempenyttig rutinemessig, oppsummerer Orry Larsen.

- Dei var gode

Trenar Kjetil Rekdal seier til klubben sine nettsider at Aalesund ville stilt eit anna mannskap i ein seriekamp. Etter oppgjeret konstaterte han at Sogndal vann ein fullt forten siger.

- Dei var pågåande, hurtige. Eg tykte dei var gode. Vi var svake, seier han.

- Sognal var godt organiserte, og viser ståpå vilje. Med det så kjem ein langt i norsk fotball. I går såg det i alle fall ut som om dei hadde dei tinga, seier assistenttrenar Kent Bergersen til nrk.no.

Unge og spennande

- Dei har mange spennande og unge spelarar på laget. Dei jobbar godt saman. Men har ein unge spelarar, så avheng ein av at utviklinga går rett veg, legg han til.

Sjølv om ikkje alt var rosenraudt i treningskampen, var Sogndal-trenar Harald Aabrekk var nøgd med kampen.

– Eg ser at vi har kapasitet til å vere med på dette nivået, og eg følte at vi fekk denne tryggleiken i dag, seier trenar Harald Aabrekk.

- Overkommeleg

Sjølv om det framleis berre er februar, trur ikkje Orry Larsen at Sogndal blir noko kasteball i årets eliteserie.

- Rykkjer dei opp, så er dei gode nok for eliteserien. Spørsmålet er om dei klarer å halde nivået oppe gjennom heile sesongen. Held dei fram utviklinga, held på viktige spelarar og hentar inn nokre gode spelarar, så bør det bli overkommeleg å halde plassen, seier han og legg til:

- Eg håpar dei gjer det, for det hadde vore kjekt med eit lag frå Sogn og Fjordane i toppdivisjonen.