Hopp til innhold

Trur ikkje Skatestraumstunnelen er farlegare enn andre tunnelar

Kjell og Åse Hauge hamna midt i infernoet i Skatestraumstunnelen. Han trur ikkje tunnelen er farlegare enn andre tunnelar i landet.

Kjell og Åse Hauge

TRYGGE: Kjell og Åse Hauge opplevde dramaet i Skatestraumstunnelen.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Den er like trygg som andre tunnelar. Den er dosert slik at det som rann, rann i grøfta på den eine sida. Hadde tunnelen vore heilt flat slik som beine tunnelar er i dag, hadde det vore verre, trur eg. For då hadde væska spreidd seg ut over.

Det har no snart gått halvanna år sidan Kjell og Åse Hauge hamna midt i eit inferno av brann og eksplosjonar i Skatestraumstunnelen. Dei kunne ha døydd, men enda opp som heltar.

– Vi har køyrt tunnelen mange gonger etterpå. Første gongene tenkte eg på kva slags køyretøy eg trefte på. Men no går det greitt, fortel Kjell Hauge.

Visuell kontroll

Han er meir skeptisk mot at det ikkje finst fleire målekontrollar på ein trailer. Slik han har oppfatta det, er det berre visuelle kontrollar som blir utført på tilhengjardraga på vogntoga. Som kjent var det eit tilhengjardrag som losna grunna rust, slik at ein tankhengar enda i tunnelveggen. Traileren var undersøkt og godkjent i april. Hengardraget rauk i juli.

– Sjåføren av traileren gjorde heldigvis alt rett, seier Hauge.

Han stiller heller spørsmål om farleg godstransport bør ha lov til å føregå på dagtid.

– Ja, eg tykkjer det bør innførast restriksjonar. For inne i Gudvangatunnelen har det vore fleire episodar. Sist gong avverja dei jo brann i siste liten, seier Hauge.

Restriksjonar

Og det er eit av punkta Havarikommisjonen for transport kjem fram til i rapporten som vart lagt fram i dag. Her peikar kommisjonen på at vegstyresmakta i samarbeid med Direktoratet for tryggleik og beredskap (DSB) bør vurdere å innføre restriksjonar på transport med farleg gods i tunnelar. Slikt er berre innført på ferjene i dag.

Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen seier tiltak som kan vere aktuelle, er stenging eller tidskøyring.

– Vi må vurdere dette i kvar enkelt tunnel. Vi vil gå grundig gjennom tilrådinga frå havarikommisjonen, seier Finden.

Svenn Egil Finden i Statens vegvesen

SKAL GREIE UT: Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen

Tider på døgnet

– Kva konkrete restriksjonar kan vere aktuelle?

– Ein restriksjon kan vere å legge den typen transport til tider på døgnet med liten trafikk. Det kan også vere aktuelt med stenging i dei tidsromma slike køyretøy skal køyre gjennom, seier Finden.

– Dette må vi vurdere etter kvart. Vi blir nøydd til å greie ut kva løysingar som er best, seier Finden.