Hopp til innhold

Trur ikkje på Sogndal-siger

Internasjonale oddsselskap har lita tru på at Sogndal klarer direkte opprykk til eliteserien i fotball.

Sogndal-spelarar varmar opp

Internasjonale oddsselskap har ikkje tru på at Sogndal klarer opprykk til eliteserien i fotball.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Med berre tre runder att av 1. divisjon, er Sogndal berre eitt fattig poeng bak den siste av to plassar som gir direkte opprykk til eliteserien.

- Det gjenståande kampprogrammet går i favør av Hønefoss. Ein såpass lav odds som 1,38 for siger i Adecco, fortel eigentleg det meste om våre ekspertar si tru på Tippeliga-spel neste sesong, seier pressetalsmann i Unibet, Kjell Hanssen.

Trur ikkje på Sogndal

Hønefoss, Kongsvinger, Haugesund og Sogndal er allereie sikra retten til å spele kvalifisering når det står att ni poeng å spele om. Dei same laga knivar også om dei to plassane som gjev direkte opprykk. Medan ekspertane trur på Hønefoss som serievinnar, trur dei same på jamt løp mellom Kongsvinger og Haugesund i kampen om den siste opprykksplassen.

- Bunnlaget Skeid kan pussig nok avgjere mykje i opprykksstriden. Dei har tidlegare teke poeng frå Kongsvinger og Sogndal. No skal dei kjempe for æra mot Haugesund og Hønefoss i avslutninga, seier Hanssen.

To borte, ein heime

Sogndal har att to bortekampar i sluttspurten. Den første kjem allereie søndag når Moss for tur. Dette er ein kamp trenar Karl Oskar Emberland seier dei MÅ vinne. Kampen kan du følgje direkte på NRK sitt Nett-TV klokka 15 .

- Vi må vinne i Moss om vi skal vere med i toppen, seier han til sogndalfotball.no . I serieavslutninga møter dei også eit Hønefoss. Samstundes er Sogndal det nest beste bortelaget i divisjonen, etter Hønefoss.

Møter FFK eller SIF

Oddsekspertane meiner dermed at Haugesund og Sogndal må ut i innbyrdes kvalifisering, medan Sarpsborg 08 må nedkjempe lag nummer 14 i eliteserien for å vere med i kampen om ein plass i neste års eliteserie.

- Vi trur det blir enten Fredrikstad eller Strømsgodset, seier Hanssen.

1. divisjonstabellen

 

Lag

K

V

U

T

M+/-

P

1

Hønefoss

27

15

7

5

54-30

52

2

Kongsvinger

27

16

2

9

47-34

50

3

Haugesund

27

15

4

8

54-27

49

4

Sogndal

27

13

10

4

42-28

49

5

Sarpsborg 08

27

14

5

8

46-32

44

6

Nybergsund Trysil

27

11

6

10

46-48

39

7

Alta

27

11

4

12

46-47

37

8

Moss

27

11

4

12

44-49

37

9

Mjøndalen

27

9

9

9

35-33

36

10

Tromsdalen

27

10

6

11

33-46

36

11

Løv-Ham

27

10

5

12

39-46

35

12

HamKam

27

10

4

13

51-41

34

13

Bryne

27

8

9

10

35-36

33

14

Notodden

27

8

2

17

34-48

26

15

Stavanger

27

5

9

13

28-50

24

16

Skeid

27

4

6

17

24-53

18

Ekspander/minimer faktaboks

KVA TRUR DU BLIR UTFALLET AV ÅRETS 1. DIVISJON? SEI DI MEINING UNDER: