Jan Fritjov Bernt seier det er fullt mogeleg for ein statsråd å gripe inn når helseføretaka vedtek store endringar.
- Det øvste organet for helseføretaka er jo statsråden, som representerer staten som eigar. Det er klart at staten har høve til å overprøve styrevedtak viss det rår stor usemje, seier han.
Viktige enkeltsaker
Eit viktig argument mot at statsråden skal gripe inn, er at det kan føre til ein uhaldbar situasjon om staten stadig går inn og overprøver styrevedtak. Bernt meiner ein statsråd må trø varsamt, men at sjukehussakene er så spesielle at det legitimerer overprøving.
- Desse vedtaka får jo svært store ringverknader. Ein må kunne gripe inn i slike enkeltståande saker av stor betydning, seier Bernt.
Ikkje mistillit
I dei fleste samanhengar vil det vere einstydande med mistillit dersom ei generalforamling går inn og overprøver eit styrevedtak. Det meiner altså Bernt ikkje vil vere tilfelle her - sjølv om statsråden skulle velje å gjere om vedtaket i den første store saka som styret i helseføretaka har handsama.