Hopp til innhold

Trur ikkje på bru i Stryn

– Ei bru over Nordfjorden i Stryn er heilt urealistisk, meiner leiar Jon Gimmestad i Gloppen næringsorganisasjon.

Vegvesenet har tre alternativ til framtidig stamveg i Nordfjord. Mellom anna står valet mellom bru ved Lote-Anda eller i Stryn.

Men Gimmestad meiner at til lenger inn i fjorden brua vert planlagt til mindre er sjansen for at den vert bygd.

– Minimal reisegevinst

I dag møtast ordførarane i Nordfjord og Statens Vegvesen for å drøfte framtidig E39. Men næringslivet er alt godt igang med debatten og no seier leiar Jon Gimmingstad at å flytte E39 til Stryn er einsbetydande med at det ikkje vert noko av ei bru over fjorden.

Han seier reisegevinsten frå Stryn vil verte minimal med ei bru, samanlikna med å køyre på langs fjorden på dagens fylkesveg 60 mellom Stryn og Innvik.

– Innsparingspotensialet blir mykje mindre, og dersom vi set det opp mot kostnaden, så minkar sannsynlegheita.

Får støtte frå transportselskap

Og han får uventa støtte frå lastebileigar i Stryn, Rolf Olav Tenden, i Thor Tenden Transport.

Han vil neppe bruke ei bompengebelagt bru i Stryn kommune i stadenfor dagens fylkesveg 60 langs fjordbotnen.

– Eg trur at dersom du har eit trafikknutepunkt i Stryn, så vil trafikken gå langs fjorden langt fram. Der ligg også bedrifter som vi skal levere til.

Trur på mykje god veg

Jon Gimmestad meiner regionen kan få mykje god veg om ein held tunga beint i munnen. Han ynskjer stamvegbru på E39 mellom Lote og Anda, i tillegg meiner han at bompengar og fylkesvegmidlar kan ruste opp vegen mellom Stryn og Byrkjelo.

– Eg trur det hadde vore ei god løysing for Nordfjord totalt sett.

– Urealistisk

Men Tenden er ikkje samd. Han meiner det er urealistisk å forvente så mykje ny veg, og vil ha flytta stamvegen til Stryn uansett om det aldri kjem noko bru.

– Midlane sentralt er veldig små og eg er redd for at dette vil dra ut så lenge at vi nesten aldri får oppleve det.

Stamvegalternativ E39
Foto: Statens Vegvesen