Hopp til innhold

Trur ikkje overvaking av Stampa vil skremme bort turistane

Trass ti år med overvaking av Åkneset og katastrofefilm har det aldri vore like mange turistar i Geiranger som no. Det lover godt for Flåm.

Stampa

EIT AV SEKS: Stampa i Aurland er eitt av seks fjell i landet som skal overvakast døgnet rundt.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Vi har ikkje erfart at turistane er redde for å kome hit på grunn av Åkneset. Det var mange som var skeptiske då overvakinga tok til. Dei besøkstala vi har hatt sidan den gong tyder på at turistane ikkje let seg skremme, seier Ove Skylstad, dagleg leiar i destinasjon Geirangerfjord Trollstigen.

Ove Skylstad

IKKJE SKREMDE: Ove Skylstad fortel at turistane ikkje let seg skremme frå å kome til Geiranger, trass ti år med overvaking og katastrofefilm.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

I Geiranger på Sunnmøre har ein sidan tidleg på 2000-talet hatt den same overvakinga og varslinga av Åkneset som ein no får av Stampa i Flåm. Likevel har ein hatt ein sterk vekst som reisemål.

– Trugsmål frå naturen er noko ein lever med mange stader i verda. Det er ikkje spesielt for Geiranger eller Vestlandet. Så turistane stoppar ikkje å kome på grunn av Åkneset, seier Skylstad.

Tidenes beste

Bølgen

SLIK: Slik ser det ut når flodbølga treff land i filmen «Bølgen».

Foto: Fantefilm Fiksjon

På seinsommaren 2015 kom den norske katastrofefilmen «Bølgen». Den handla om kva som kan skje når ei heil fjellside på opp mot 40 millionar kubikkmeter rasar i fjorden og skaper ei flodbølge på 80 meter rett ved eitt av Noregs største turistmål.

På førehand var det mange som frykta at filmen kunne skremme bort turistar frå området. Skylstad seier at ein foreløpig ikkje har sett noko til det.

– Årets turistsesong er tidenes beste i Geiranger, så filmen har ikkje skremt folk frå å kome hit. Det var ein del som frykta at det ville skje, men filmen har nok heller fungert som reklame.

Ikkje nytt

Tafjordulykka i 1934

SLIK: Slik såg det ut etter Tafjordulukka i 1934.

Foto: Arkivet, Aalesunds muséum

Åkneset er ikkje det einaste fjellet som har skapt problem i Storfjorden på indre Sunnmøre. Der har ein dei siste 400 åra hatt sju flodbølger. Fire store og tre små.

Ei av desse oppstod då Langhammaren ved bygda Fjøra i Norddal kommune raste ut i Tafjorden og skapte ei flodbølge som tok livet av 40 menneske. I det same fjellpartiet er det også i dag ustabile område som i framtida kan rase i fjorden.

Ordførar i Stranda kommune, der Geiranger og Åkneset ligg, Jan Ove Tryggestad, meiner at stadige flodbølger har gjort folk på indre Sunnmøre vande til trugsmålet frå fjella.

Jan Ove Tryggestad

TILPASSA: Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad, seier at trugsmålet frå Åkneset har ført til at turistnæringa har vore nøydde til å tilpasse seg.

Foto: Synnøve Hole

– Heilt sidan den første mannen og den første kvinna fann ut at dei skulle slå seg ned ved fjorden her så har ein levd med trugsmålet frå fjella. Det har vi tatt omsyn til i fleire tusen år. No har vi den beste overvakinga i verda til å varsle oss når raset kjem.

Tryggestad legg til at heller ikkje turistane let seg skremme av Åkneset, men at turistnæringa har vore nøydde å tilpasse seg.

– Det har avgrensa korleis vi kan bygge ut turistnæring i bygdene, og det finst eit regelverk som seier kva byggeaktivitet som er lov til å halde på med i strandsona.

Tryggast

Finn Helge Nustad

TRYGGAST: Hotellsjef ved Union Geiranger, Finn Nustad, seier at mange ser på Geiranger som ein av dei tryggaste stadane i landet på grunn av overvakinga.

Foto: Hotel Union Geiranger

Hotel Union Geiranger er ei av dei største reiselivsbedriftene i Geirangerområdet. Hotellsjef Finn Nustad trur ikkje den nye situasjonen rundt Stampa vil få negative følger for turismen i Flåm.

– Mi oppfatning er at det heller blir motsett. No får dei betre kontroll på fjellet og kan seie til gjestene sine dei blir passa på og vil bli varsla om det skulle bli farleg. Mange seier at Geiranger er av dei tryggaste plassane i landet på grunn av overvakinga av Åkneset.

Jamne mellomrom

Astor Furseth

IKKJE TAL: Lokalhistorikar og forfattar Astor Furseth har skrive fleire bøker om ustabile fjellparti. Han seier at vi endå ikkje veit kor mange ustabile fjellparti vi har i Noreg.

Foto: Terje Reite / NRK

Stampa i Aurland er eit av dei seks fjellpartia i landet som NVE ser på som farlegast. Dei seks fjellpartia skal overvakast 24 timar i døgnet. I tillegg til Stampa kjem Åkneset og Hegguraksla i Storfjorden på Sunnmøre, Mannen i Romsdalen og Nordnes og Gamanjunni i Troms.

Astor Furseth er lokalhistorikar og forfattar og har Åkneset, Hegguraksla og Mannen i sitt nærområde. Han har skrive fleire bøker om flodbølger og ustabile fjell, og kan fortelje at ein i Noreg har hatt flodbølger på grunn av ras med jamne mellomrom gjennom heile historia.

– Du har Storeggaskredet for om lag 8000 år sidan, det skapte enorme bølger i heile Nordsjøområdet og førte til at heile Doggerland forsvann. Så har ein hatt fleire store skred som har skapt flodbølger i ettertid. Ofte mellom to og fire kvart hundreår.

Mange og små

Aurland er ein kommune som er svært utsett for skred. Furseth fortel at kommunen skil seg frå Stryn, Stranda og Norddal for å ha ganske få store ulukker. Han fortel at to av dei største skredulukkene i Aurland var flodbølger i Nærøyfjorden på 1800-talet.

– Det var to snøskred i Nærøyfjorden som utløyste flodbølger. I 1835 tok eit skred to båtar og ti menneske omkom. Då var det flodbølge, og så kan det hende at og lufttrykket spelte ei rolle. Så skjedde nesten det same ein gong til i 1884, då omkom tre personar i båt. I tillegg har ein hatt mange mindre skred som har teke livet av ein til to menneske.