Men Mikkel Sørheim seier at dei likevel vil halde fram leitinga. Han er ein nær ven av Ole Berge Drægni frå Luster. Etter at flodbølgja slo inn over Thailand andre juledag har han og andre vener av Drægni prøvd å oppnå kontakt med kameraten, sambuaren Kirsti Kulseth og den 8 år gamle dottera hennar. Men no har det gått så lang tid utan livsteikn, at Sørheim har gjeve opp håpet om å finne dei i live. Han seier at venene er einige om at deira oppgåve no er å finne dei og få kroppane heim.
Prøver mobilspor
Sørheim trur Ole Berge Drægni og familien var på Phi Phi-øyene då flodbølgja kom, men er usikker på kvar i dette området dei oppheldt seg. Han trur kameraten helst ville ha reist til ein stad utanom turistområda, og at han har tatt inn på eit hotell med god standard. Til no har venegjengen til Drægni prøvd å finne ut om det har vore trafikk ut frå mobiltelefonen hans frå Phi Phi-øyene. Sørheim seier at Telenor har gjort alt dei kunne for å hjelpe, men at Drægni kjøpte eit thailandsk kontantkort under ferien, som det til no ikkje har vore mogleg å spore.
Går gjennom bilete
No går venene gjennom bilde frå katastrofeområdet, i håp om å kunne identifisere sine. Mikkel Sørheim fortel at dei ein dag såg ein ring på eit av bileta, som likna på ein ring Drægni alltid gjekk med. Men denne gongen var det ikkje kameraten dei såg. Dei har òg vore i kontakt med nordmenn som har kome heim frå Phi Phi-øyene, for å høyre om dei har møtt Drægni. For Sørheim trur folk som har snakka med kameraten vil hugse han. Kvar dag blir nye kroppar funne i området der Drægni truleg ferierte. Dette styrkar håpet til venene.