Hopp til innhold

Trur ikkje Djuvik kan stogge bompengeringen

Førde-ordførar Olve Grotle (H) tvilar på at Framstegspartiet sitt landsmøtevedtak kan stogge Førdepakken og bompengeringen rundt Førde.

Olve Grotle

GODE KARAKTERAR: Førde-ordførar Olve Grotle seier Førdepakken har fått gode karakterar i ei kvalitetssikring, og har stor tru på støtte frå Stortinget for bompengeløysinga.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi har gjort undersøkingar etter påstandane til Frank Willy Djuvik. Vi får tilbakemeldingar, frå fleire hald, at saksbehandlinga går slik som ho skal, og at Førdepakken er i rute. Det er den breie tilbakemeldinga vi får frå ulike kjelder, seier Grotle.

Førdepakken er eit vegprosjekt for å betre tilhøva for gjennomgangstrafikken og lokaltrafikken. Det vil også bli ei oppgradering av vegane i sentrum. Tanken er at om lag 1 milliard av totalprisen på 1,5 milliardar skal kome frå bompengar.

Lokal- og regionalpolitikarane, med unntak av Frp, har sagt ja. Skal det bli bompengar, må også Stortinget seie ja.

– Kjelder på «høgt nivå»

Søndag gjorde Frp sitt landsmøte vedtak om at bypakkeordninga berre skal gjelde for dei ni største byområda, og at andre stader ikkje kan delta i ordninga. Førstekandidat til fylkestinget for Frp, Frank Willy Djuvik, meiner det gjer at bompengar ved bruk av bypakkeordninga ikkje blir aktuelt for Førde.

Men Høgre-ordførar Grotle seier dei har fått signal frå kjelder på «ganske høgt politisk nivå» om at Djuvik tek feil.

– Vi får tilbakemelding om at Førdepakken blir behandla som tenkt, og at vi er inne i ein sluttfase, seier Grotle.

Bomring i Førde

TILRÅDD BOMPENGELØYSING: Det er lagt opp til to bommar på E39, éin på vestsida før rundkøyringa ved Førde hotell, éin på austsida på Bruland aust for Farsund Bygg, på riksveg 5 ved sørenden av Klettentunnelen, i Angedalsvegen mellom Kyrkjevegen og avkøyrsla til Presteholten og på fylkesveg 484 ved brua Kronborg-Vie. Det er i tillegg lagt opp til ein sjette bomstasjon på brua som er planlagd mellom Halbrendsøyra og Øyrane.

Foto: Rambøll AS

– Førdepakken får svært gode karakterar

Grotle meiner deira sak har vorte styrka gjennom dei siste månadane.

– Førdepakken har nettopp vore gjennom ei sokalla KS2-vurdering, ei kvalitetssikringsvurdering. Det arbeidet enda med svært gode karakterar, seier ordføraren.

Bompengeringen rundt Førde har vore planlagd i fleire år. I går sa styreleiar i Førdepakken, Oddvar Flæte at han har vorte forsikra at eit utkast til proposisjon til Stortinget er på høyring mellom departementa. I dag seier Grotle det same.

– Vi har forstått at vi er inne i ei sluttbehandling, der det er tale om å gjere ferdig den proposisjonen som skal sendast til Stortinget. Vi håpar det kan skje i vårsesjonen, altså før sommarferien.

Trur Djuvik tek feil

Frank Willy Djuvik

FRP-LEIAR: Frank Willy Djuvik

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Frank Willy Djuvik sa i går at han trur innstillinga frå regjeringa til Stortinget blir negativ.

– No har vi styringa i både Finansdepartementet og Samferdsledepartementet. Det er lite som tyder på at det vil kome noko positiv innstilling derifrå, sa Djuvik.

– Frank Willy Djuvik har fleire gonger tidlegare tydleg signalisert at departementet vil stogge Førdepakken. Men det har vist seg å ikkje stemme. Så inntil vi får andre signal frå andre hald, legg vi til grunn at det han seier om Førdepakken ikkje er riktig denne gongen heller, seier Grotle.

Førdepakken

VEDTEKNE PROSJEKT: 20 forskjellige prosjekt skal etter planen finansierast gjennom bompengar i Førdepakken.

Foto: Fordepakken.no